Æ vil vis dæ Olav Duun!

Ja, i sammar vil æ vis dæ Olav Duun! Eg vil vise deg Olav Duuns barndomsheim på Øver-Dûn og diktarlandskapet hans på Jøa og på Namdalskysten.

undefinedFoto: Kine Westvik

Navn: Torgeir Strøm
Alder: 58
Funksjon: Lærar og nestleiar i Olav Duun-stiftinga i Namdalen


Olav Duun er Namdalens store diktar. Alle namdalingar bør vera stolte av diktaren sin. Har du ikkje lest særleg mykje av han, seier du. Nei, men det gjer ikkje noko. Litt om livet hans og diktinga hans skal eg fortele deg, om du kjem til Jøa i sommar. Da blir du ein stoltare namdaling! Huset er opent kvar dag fram til 15. august mellom kl. 10 – 16.

Lørdag 25.juni opnar vi Olav Duuns barndomsheim her på Jøa. Huset har vi prøvd å restaurere attende slik det såg ut for vel 100 år sia. Olav Duun (1876 – 1939) budde i huset på Øver-Dûn frå 1884 – 1901. Sia vart det lærarskole på Levanger og lærarjobb på Inderøya, Singsås og Holmestrand.

Men det var det levde livet på Jøa og på Namdalskysten som var bakteppet i diktinga hans. Derfor vil eg vise deg diktinga og livet hans her i Namdalen.

Verdsklasse

Korleis var det muleg for ein gut som vaks opp i eit fiskarbondemiljø på Jøa å bli ein diktar i verdsklasse ? Korleis var det for ein bokinteressert gut å vekse opp i dette kroppsarbeidarmiljøet ? Ja, korleis var det muleg for ein odelsgut å seie frå seg garden i 1901? Eitt er sikkert, ved sida av bøkene måtte han arbeide på garden og ro fiske i Gjæslingan. Han var heime til han var 25 år før han begynte på lærarskolen. Og takk for det! For kunne Olav Duun ha vorte den diktaren han vart utan å kjenne jordbrukskvardagen, fiskarbåten og fiskarbonden så godt ?

Juvik-landet

Eg vil vise deg rommet hans, som det knapt er slått ein spiker i sia Ole budde der på slutten av 1800-talet. «Emmisær-loftet» skal du og få sjå. For emmisærar og bedehuskristendom er det fullt av i veggan i Olav Duuns barndomsheim. Loftsrommet til søstra Inga er der og, med veggar og tak som i fordums tid, men vi har innreia rommet til «bibliotek».

Her kan du sjå omfanget av Olav Duun sitt store diktarskap. Her kan du ta ei bok ut av bokhylla og sette deg i godstolen. Mens du les eller høyrer på lydbok, kan du ut gjennom vindauget sjå Duun sitt diktarlandskap: Håberg, Juvik-landet, Kjelvik-landet og Folla-havet. Nærast kan du sjå blankbygda si kyrkje, og på kyrkjegarden er Olav Duun sin siste kvilestad.

Bauta

Går vi ned loftstråppa kjem vi til «skjå’n». Her heng børnskap og her står separatoren. Den moderne WC-en sto ikkje der for 100 år sia, men kan vera bra å ha for dei som kjem på besøk i 2011. Stua er slik som vi meiner ho var ca. år 1900. Det er kjøkkenet og. To kammers har vi gjort om til samlingsrom der vi kan ha møter, drikke kaffe og sette oss ned og prate.

Utom nova har vi Olav Duun-bautan fra 1952. Her kan du og sitte på ein benk og slappe av ein godversdag. Etterpå kan du gå, sykle eller kjøre bil ut i Duun sitt diktarlandskap på oppdagingsferd.

Brakstad

For litt betaling (Olav Duun-stiftinga i Namdalen skal overleve) kan vi ta turen over Dûnafjellet, Ramnfjellet og til Brakstad, så og seie i skriftspora til Olav Duun. Knapt nokon plass har du så fin ein utsikt over Folla og Namdalskysten.

På Brakstad har vi Namdalens finaste trebåtmiljø og bryggepøbb. Ja, eg kan vise deg Brakstadaunet og, som har inspirert Duun si nedskriving av Kjelvika – landet i eventyret. Eller Rakkavika med grillplass og stiar som er spesielt lagt til rette for dei som ikkje er så flakkføre. Eller vi kan dra til Tranås for å sjå over til Juvik-landet på Otterøya. Samtidig kan vi sjå jarnalderhuset hans Jarn-Jan.

Som du skjøner er det mykje eg vil vise deg i sommar. Og det er eg ikkje aleine om. Duun-interesserte ungdommar tek si tørn i huset som sommarjobb, og vi som er velvaksne tek med glede vår tørn på

dugnad. Alle er vi stolte av den store

diktaren vår, Olav Duun, og det er

vi og av den nyrestaurerte barn-

domsheimen hans . Derfor

seier kvar og ein av oss:

«Æ vil vis dæ Olav Duun !».

Les mer om:
Mer å lese på Namdalsavisa: