Det politisk eigarskapet i Rock City

Rock City
FOTO: BJØRN TORE NESS
            (Foto: Bjørn Tore Ness)

Rock City FOTO: BJØRN TORE NESSFoto: Bjørn Tore Ness

Av Tom Verpe, eks-kommunerepresentant for Namsos SV

Det skjer ei stadig aukande selskapsorganisering av offentleg sektor, der kommunestyra blir eigarar av desse selskapa. Stadig fleire selskap får også ei samanblanding av interessentar; private aktørar, frivillige eller andre. Selskapa skal ha ei generalforsamling, som kan vere formannskapet, ordførar eller andre som blir oppnevnt av kommunestyret.

Som avgåande kommunestyrerepresentant meiner eg selskapet Rock City AS (RCN) er verdt ein studie når rollesamanblanding i eit kommunalt selskap går galt.

Namsos kommune (NK) eig 100% av aksjane i RCN. Generalforsamlinga (GF) er Namsos formannskap, men var ordføraren fram til hausten 2014. GF har ei oppgåve; avsette og opprette styre i selskapet. Noverande styre i RCN vart oppnevnt av ordførar Morten Stene (dåverande GF). «Kunden» til selskapet var Kulturdepartementet, Nord-Trøndelag Fylkeskommune og Namsos kommune.  Hovudkunden var Kulturdepartementet ved kulturministeren gjennom eit stortingsmandat (bestilling), der politikk betydde mykje.


Regjeringa

I juli i fjor gjekk eg ut i media og meinte at styret i Rock City måtte gå. Årsaka var at styret ved styreleiar Gunnar Robert Sælleg ville sparke dåverande dagleg leiar i selskapet,  Åsmund Prytz. GF i selskapet, tidlegare ordførar Morten Stene, støtta styret. Som politiker meinte eg at ein oppseiingsprosess mot dagleg leiar midt i regjeringas budsjettprosess var uklok. Dette var spesielt viktig då regjeringa var blitt borgarleg, i motsetnad til den tidlegare raud-grøne regjeringa og den arbeiderparti dominerte motivasjonen for Rock City. Den blå-blå regjeringa hadde ingen spesiell følelse for Rock City.

Seinare fekk eg fleirtal for ein interpellasjon for å overføre generalforsamlinga frå ordføraren til formannskapet. Heller ikkje formannskapet klarte å gjennomføre generalforsamling, slik at ein formelt kunne sparke styret. Eg lukkast ikkje med å drive lobbyverksemd med formanskapsrepresentantane for å få dette til.

Ut over hausten 2014 viste det seg at styret ikkje hadde ein juridisk haldbar grunn til å få dagleg leiar sparka. Styret bruka sannsynlegvis eit ukjent antal hundre tusen på advokatbistand til denne jobben, som enda med full oppreising for dagleg leiar, samt avtale om etterlønn etter frivillig oppseiing.


Ignorering.

RCN-styret ignorerte eigaren; Like før oppseiingsprosessen av dagleg leiar jobba kommunestyret med ei eigarmelding der vi politisk skulle jobbe fram kva Namsos kommune ville med selskapet, samt kva måte vi skulle organisere det på. Støyen i kjølvatnet av å ville sparke Prytz, førte til at eigaren måtte leggje bort jobben med eigarmeldinga.


I komRev rapporten (2013) om Rock City står det:

«Revisors hovedinntrykk fra gjennomgangen er at kommunens saksbehandling gjennomgående har vært mangelfull. Dette kan ha bidratt til at politikerne i flere tilfeller har fattet vedtak på for svakt grunnlagt. Prosessen har vært preget av et sterkt ønske om å få etablert Rock City i Namsos, og dette kan i noen grad forklare - men ikke bortforklare - hvorfor både kommunens administrasjon og politikere ikke har stilt flere kritiske spørsmål underveis. Hvis en sak for politikerne synes for dårlig saksbehandlet, kan politikerne be om å få den ytterligere dokumentert og fremmet på nytt. Det har ikke skjedd i denne prosessen.»

I Pwc-rapporten (2013) om «Forståelse av mandatet» står det:

«Søknaden om garanti fra NK kan leses som om RCN peker på statlig investeringsstøtte som den måten man vil søke å oppnå permanent finansiering, uten at man vet om dette vil la seg gjennomføre. Rapport til NK fra KomRev Trøndelag av 20.02.2009 viser at NK synes å ha oppfattet dette annerledes.»


Faktabasert.

Sitata ovanfor syner kor viktig felles forståing og forankring er, og at ein klargjer fakta som ein skal ta politiske beslutningar på. Som politiker såg eg det difor som min plikt å få belyst nye moglege problemområder for RCN i kommunestyret gjennom open demokratisk debatt. Inkludert å oppfatte mandatet rett, med spesielt fokus på kva noverande regjering  vektla.

Og i statsbudsjettet 2016 om RCN, beviser styret og noverande leiing i RCN at dei oppfatta signala feil: «Regjeringen mener at det ikke er grunnlag for at staten viderefører sitt direkte engasjement i Rock City. Det er etablert flere regionale kompetansemiljøer for rytmisk musikk over hele Norge de senere årene. Dette har ført til at behovet for en samlende nasjonal aktør i Namsos er blitt mindre. Etter en samlet vurdering av innspill fra Namsos kommune, Innovasjon Norge (om næringshage) og Helsedirektoratet (om senter for artisthelse) foreslås avvikling av tilskuddet.»


«Feil» departement.

Kulturdepartementet var klare på at styrets oppfatning av det nasjonale mandat er noko som ikkje kan gje finansiering over Kulturdepartementet sitt budsjett. Innspela om næringshage og artisthelse (NUMI) vart, litt spøkefullt, sendt til «feil» departement. Vektleggjinga av helsedelen i arbeidsgruppas forslag til eigarmelding vart for øvrig nedstemt av kommunestyret våren 2014. Det var bare så synd at kommunestyret ikkje fulgte dette opp i ettertid.

For 2016 er Rock City heilt fjerna fra statsbudsjettet, med negative konsekvensar for økonomien i Namsos kommune i komande år. Styret i RCN klarte å «bomme» på kulturbudsjettet to gonger;  Først i 2014 ved eit ikkje-juridisk holdbart forsøk på å sparke daglig leiar. Deretter i 2015 ved å bomme på Stortingets bestilling om å ”ta vare på kompetanse og infrastruktur”.


Framtida?

Historia om det kommunalt eigde RCN er ei historie der eigaren ikkje fulgte opp si rolle som eigar, og som dermed svikta sine velgjarar. «Usynlege» krefter, med «usynlege» band inn i Generalforsamling, kommunestyret, styret og leiing utførte eit emosjonelt press som førte til at eigarskapet vart usikker, forvirra og handlingslamma. Dette trass i KomRev- og PvC-rapportane sine klare tilråingar om kursendring i 2013.

Fylkesråd May Britt Lagesen seier i TA (30.10.15) at det er naudsynt at det blir føretatt ei grundig evaluering av selskapet, dersom fylkeskommunen skal vurdere vidare medfinnansiering. Siste formanskap der denne saka vart behandla, var delvis stengt for publikum og presse, altså nok ein gong mangelfull transparens i saka. Det vi har fått vite (NA 01.12.15) er at formannskapet lar styret i RCN, fram til ordinær GF til somaren, få fullmakt til å følgje næringshage-sporet. Same sporet som Statsbudsjettet sa nei til!

Ordførar (Arnhild Holstad, Ap) og rådmann (Gunnar Lien) har full rett som 100% aksjeeigar å setje munnkorg på RCN-styret, for å ta roret på denne skakkdrevne skuta. Når styreformann Gunnar Sælleg i RCN får ytre seg i media (NA 01.12.15) om museumssporet (konsolidering med Museet Midt), lar kommunen nok ein gong RCN-styre lage meir skade enn gagn i saka.

Eg vil minne om at hovudaksjonærane i Museet Midt er fylkeskommunen, Vikna- og Namsos kommune. Var ikkje valkampsaka til Namsos Ap og Holstad å inkludere heile Namdalen? Skulle ikkje rådmannen tilsetje ein kommunikasjonssjef i Namsos for å betre omdømme? Kva med å byrje med ydmykheit, transparens, respekt og demokratisk prosess ovanfor eigne velgjarar, og ovanfor Vikna og fylkeskommunen?

Mer å lese på Namdalsavisa: