VIL Senterpartiet Overhalla?

Knut Haga, Overhalla.
            (Foto: Bjørn Tore Ness)

Knut Haga, Overhalla.Foto: Bjørn Tore Ness

Dette grammatikalske krumspringet var Overhalla senterparti sitt mantra siste valkampen. I ettertid er det lett å sjå at den politiske rørsla som særleg dei yngre kandidatane fronta, ikkje var særleg vekta i "toppen":

Først ein utydeleg profil før rådmannen konkluderte om vegval i kommuneSANNERinga frå regjeringa, for så å legge seg mainstream som det einaste rette. Her har det historisk "blåe" Overhalla Sp (kårkallar og "penge-Sp") vunne mot dei som byggjer på dagens Sp-ideologi og -profil.
 

Grunnlaget for vidare framdrift må også vera å sjå det politiske bilde framover; Sp er etter det dei sa i haust garantisten for levande grender i levande bygder i levande distrikt. Men endå meir interssant er det at Overhalla er den demografisk sett nest mest effektive kommunen i Nord-Trøndelag, etter Stjørdal.

Avstanden mellom busettingane og tenesteytinga er svært kort og konsentrert, sjølv om folketalet er lite. Effektiviseringa vi gjennomførde for 10-15 år sidan gav rimeleg optimal tenesteyting ut frå velferd og kostnader.

Det er lite anna å hente enn eventuell nedlegging av administrasjon, om ikkje velferda skal svekkast. På politisk drift har ein alt kutta langt meir enn andre kommunar (utval m.m.).

Det er ingen ting som tyder på at ein ikkje får kjøpe eller smarbeide om dei tenestene ein treng  hos naboar eller lengre borte på same vis som i dag. Terrenget blir ikkje forandra sjølv om ein endrar kartet.


Mer å lese på Namdalsavisa: