NA og togskinner

Framtida er elektrisk – NA

Flere nyheter

Skulle møtes i Namdal tingrett i starten av november

Har inngått hemmelig forlik

Rørvik sanitetsforening serverte frokost for tredje år på rad

Disket opp gratis frokost til 165 elever

Gjør helomvending – fortsetter som hotellsjef

Ingvild sa opp i sommer – trakk oppsigelsen tilbake

Redaktøren i NA sa i ein leiar- kommentar nyleg at det måtte vere greit at Overhalla kommune satsar på å asfaltere Namsosbanen som ein framtidig sykkelveg.

Da må ein først spørre om det er berre nokre få km. i Tretvikberga det handlar om eller også om Grytøya og opp over Hallvardmomyra til Myrmo og Øysvoll til Ranemsletta det er snakk om. Har ikkje redaktøren kjørt Sørsi-vegen i den seinare tida som no er i ein heilt utruleg dårleg forfatning pga. stor tungtransport. Det er jo der fylkeskommunen bør spandere på å få lagt litt ny asfalt.

Det har lokalt i Overhalla blitt gjort framstøyt for å få Stortinget til å legge ned banen. Da burde det jo vere Namsos, som burde sjå at det vil på sikt vere til størst skade for nettopp Namsos.

Med dei klimakonstellasjonane som vi no ser Regjeringforhandlingar og politisk posisjonering er i ferd med å innta, så er det vel ganske raskt Namsos som vil bli den store taparen, så utanfor allfarveg som byen er i ferd med å bli, når det store bompengeprosjektet i Malm blir å passere. Når det også er avisa Dagens Næringsliv som poengterer sterkast at framtida er elektrisk, når det også gjeld transport bransjen, så burde både han og politikarane i Overhalla lese og lytte.

For med den klimamålsettinga som Paris-avtalen går inn for, så er det snakk om 40 pårosent reduksjon av CO2 utslepp i 2030, men langt meir radikalt inn mot 2050, som er berre vel 30 år unna. Da skal vi ha redusert klimautsleppa av CO2 med 85-90 prosent.

Dermed er det ingen veg utom å ta i bruk dei fleste sidebanar samt Namsosbanen på ny og i tillegg bør den ha el. drift. For når transportbransjen utgjer nær 2/3 delar av alle utslepp, så er det jo ganske så logisk at jernbanen bør få ein heilt avgjerande rolle i å frakte det meste av godset som skal meir enn 10-15 mil avstad. Og folk vil jo i det lengste forsvare sin privatbil bruk og der er jo det med el-bil allerede løyst.

Politikarane på 90 talet bygde jo ned det meste av godstransporten på jernbanen. Fordi alt skulle jo konkuranse-utsettast. Det er jo dette som har blitt til det store mantraet at Norge har ikkje greid å redusere sine klimautslepp, som er dobbelt så store som dei svenske målt på individ nivå, fordi dei har ein så effektiv jernbane, med høgfartstog o.l.

For å kome ned til 40 prosent utslepps-reduksjonså må det til kraftige tiltak for å overføre godset til jernbane, når den i dag er nede på 2% totalt. Eg vil be både redaktøren og politikarane i Overhalla, som elles har ein svært så god standard på sine offentlege bygg, om å tenke over litt betre, kva ein treng om berre 30 år, for langtransporten langs veg er det ikkje teknisk like lett å få vekk frå diesel, som det er å få til el-jernbanedrift. Og det ville vel ikkje bli så veldig effektfullt i høve til det ein vil oppnå med mange tonn med batteri per trailer.

Dersom det er målsettinga til Per Sandberg om å auke lakseproduksjonen med fem gonger, så har jo Trønder- Avisa rekna på det og at rundkjøringane i Steinkjer ville gå fulle dei fleste timane i døgnet.

Når 50 prosent av lakseproduksjonen er lokalisert mellom Bodø og Statlandet, så burde det jo vere så logisk at ein burde satse på same fraktmåte som er med tog i frå Narvik. Traileren har jo fram til i dag fått oppdraga fordi dei kunne utføre den «just in time», for fersk laks har det travelt med å nå kunden. Det er jo ikkje båt frå Rørvik via Hitra som er i stand til å utføre denne transporten «just in time» på vel eit døgn i sentrum av kontinentet. Det er det jo jernbane, som ein har så god erfaring med frå Narvik til kontinentet, som er i stand til dette.

Og ein snakkar om at 50 prosent av produksjonen av norsk laks skjer mellom Bodø og Stat. Så båttransport kan bli ei større feil-investering fordi det må gå fort og det er jo så ekstremt energikrevande på sjøen. Om vi skal ha ein jernbane her i landet, så er det jo eit stort poeng at vi må bruke den så effektivt som råd.

Og i høve til at EU aktar å ta klimamålsettingane på alvor, så kan ei feil-investering skape mange problem. Og i tillegg vil ha ein effekt av at jernbane vil bli den mest økonomiske transporten på sikt. Under føresetnad om store volum. Den som har sett amerikanske godstog med to høgder med spesial kontainarar, er jo klar over at dei konkurerer svært godt med båtfrakt.

Desse kontainarane har jo også begynt å kome til Norge, da eg nyleg såg ein på jernbanest. i Trondheim. Så i vurdering opp mot det, så er det jo jernbane ein no bør satse på, der transportane er langt nede på Kontinentet i løpet av eit døgn. Så poenget mitt er at ser ikkje Namsos at det kan bli ein sjanse til å få til dette, så kan jo dette kome til å skje frå Steinkjer eller Skogn. Det har jo ikkje blitt så mykje «levebrød» av det dei meinte skulle følge med på Rock-city konseptet.

Medan Ytter-namdalingane er jo så ekstremt dyktig til å få til det dei kallar for «lakseeventyret» Dersom Namsos hadde forstått at dei burde stille seg til rådvelde, for å legge opp til eit opplegg for at laksetransport i staden kom på jernbane, som ein no held på å gjermed utgreiingar i Troms. Å velje båt vil kunne føre vidareforedlinga av laksen til kontinentet. Så kunne det jo i staden bli litt meir eventyr også i Namsos.

For den utviklinga vi ser framover vil vere noko heilt anna, enn den vi har sett fram til no. Namsos bør ikkje akseptere så lett at Overhallingane prøver seg med å skulle asfaltere det, som kan vere transportåra for produksjonen av den langt større framtidige lakseproduksjonen, som også har mange utfordringar, men som det ser ut til at næringa greier etterkvart å handtere med tette mærer.

Utfordringa fram over er at skiten frå laksen blir tatt vare på, for å unngå forureining. Og at forproduksjonen krev mykje forsking og kan bli den store næringa på lengre sikt.

Mer å lese på Namdalsavisa: