Per Jakob Rønning til minne

NAMDALSAVISA

I jula kom den triste meldinga om at Per Jakob Rønning brått hadde gått bort. Med han har Overhalla-samfunnet mista eit aktivt og engasjert organisasjonsmenneske.

Som ganske ung overtok Per Jakob garden Furre etter onkel sin, først på 60-talet. Furre hadde vore ramma at det store Furre-raset i 1959, men saman med kona Brit gjenoppbygde han garden til eit mønsterbruk. I tillegg blei det altså tid til mykje anna samfunnsnyttig arbeid.

I yngre år var Per Jakob med i Overhalla kommunestyre i fleire periodar, mellom anna som varaordførar og formannskapsmedlem i perioden 1984-87.

No hadde han formelt sett vore pensjonist i mange år. Men han hadde ikkje sett seg til ro i gyngestolen av den grunn!

Mellom anna var han sterkt engasjert i dei eldre overhallningane sitt ve og vel. Han var leiar i Skage pensjonistforening, og han var midt inne i sin andre periode i Eldrerådet i kommunen, der han også var nestleiar i perioden 2011-2015. Vi som jobba saman med han i desse samanhengane, kjem til å sakna engasjementet og dei lune og saklege kommentarane hans sterkt! Han var ikkje minst opptatt av miljøet omkring frivilligsentralen og kyrkja på Skage, og at alt måtte leggjast til rette for det arbeidet som gjekk føre seg der. Sjølv gjorde han også eit viktig arbeid med matserveringa på frivilligsentralen. Og han var alltid lett å be når noko skulle gjerast.

Like før jul opplevde vi Per Jakob som aktiv songar i Overhalla mannskor, slik vi har sett han så mange gonger før. Han var også ofte å sjå i skiløypene rundt om i kommunen heilt til det siste. Per Jakob Rønning var ein aktiv friluftsmann, og heldt seg i aktivitet på så mange område.

Det kom difor svært overraskande at han ikkje lenger er i blant oss.

Vi lyser fred over Per Jakob Rønning sitt minne.