Soga om då hovdingane i Ytri Halfa skulle tvingast saman

Tegning: Knut Høihjelle 

NAMDALSAVISA

Hovdingane i Ytri Halfa hadde levd med fred i fleire år no. Men det var noko som endra seg då landshovding Stolte-Jens blei kasta av setet sitt. Ho som tok makta kalla dei før i tida for Jarn-Erna. No var landsmora vorte noko mildare tå seg, meir som ei Mjuk-Erna. Innimellom glimta enno jarnkvinna te. Frå landstinget bestemte ho og frendene hennar at fleire herrad skulle gå saman. Mellom anna skulle no sagaøya Leka, Bindal i nordlandet, Vikten og Njrdøy bli til eit herad.