Innspill:

Skogvern på «gale» premissar

NAMDALSAVISA

Når det norske Stortinget har følg den norske forvaltninga om at utgangspunktet for at 10% av all skog skal vernast, for såkalt å «ta vare på det biologiske mangfaldet», så viser det berre at spørsmålet er så kraftig politisert til fordel for først og fremst den komande bioteknologien. Og Alf Daniell Moen skal spesielt ha ære for at han «snakkar opp» kor viktig det tradisjonelle skogbruket sine interesser er, i og med at han er i Ap.. Fordi det i klimaendringane si tid, er det så viktig at ikkje den konservative «vernerørsla», med WWF og Naturvernforbundet i spissen åleine får dirigere korleis vi skal ta vare på det biologiske mangfaldet på ein best mogleg måte, da denne konservatismen er litt for mykje påtatt for å sikre den framstormande bioteknologien sine interesser.

Og det var også her Venstre har gjort den største blunderen sin, ved at partiet lytta meir til ein person, som vi kjenner godt til her i Trøndelag, som hadde ein nasjonal rolle i dette og hadde så alt for stor innverknad frå denne bio-tech. industrien. Og at denne verne-versjonen har fått ei form, der det viktigaste har blitt å skulle såkalt verne naturen og da mot lokalbefolkningar sine interesser.

Så skal jo dette helst ikkje omtalast, fordi det er jo gjennom denne nye bio-tech.-industrien at ein jo er så veldig opptatt av å utvikle nye produkt og gjennom det å skulle «patentere livet», meir enn å ta vare på dette artsmangfaldet for framtida. Og det er vel slik at det er dette, som står bak at ikkje uttrykka frå Biodiversitets-konvensjonen har blitt med over i Natur-mangfoldsloven, om «vern og bærekraftig bruk». Land som har gjort dette før Norge har halvert sitt biologiske mangfald.

Men også Elin Agdestein og Odd Ivar Løvhaugen, samt Mathias Sellæg sine innlegg har fokuset på at naturen og artsmangfaldet må brukast og vernast gjennom eit aktivt skogbruk som inneber «bærekraftig bruks» prinsippet.

Vi har jo sette korleis andre delar av naturforvaltninga også har fått denne politiseringa av bevarings-strategiane, for å tekkast denne nye interessenten vedr. natur-mangfaldet. For eit vesentleg poeng er jo også at så store areal er naturleg verna pga. topografien, så når det gjeld tømmertilgang, så er det jo ikkje faglege bevist at det er nødvendig å verne meir enn 5-6 prosent av skogarealet

For det er jo gjennom naturen slik som den er brukt frå «jarn-vinningstida» fram til i dag, som vi har fått det artsmangfaldet som finst fram til idag. Med unntak av at det under Svartedauen vart ein langt mindre bruk av naturen. Det er slik ein blir klar over kor hardt naturen vart brukt under jarnvinningstida, der Trøndelag med Jemtland var den største produsenten av jern, nord for Alpane. Og det er slik ein må forstå intensjonen som WWF er ute etter, ved at naturen skal få status som eit «Wildernes». For deira intensjon er berre å fråta lokalbefolkninga retten til den bruk dei har hatt frå gamalt av. Og som utgjer det artsmangfaldet vi har hatt fram til i dag, som er så sterkt påverka av denne langvarige slått/beitebruken. Og det er jo nettopp dette viktige landskapet med sine 685 artar på raulista, som det no blir meir og meir fokus på, at det er der mykje av tapet av artsmangfald no skjer.

Om ein går lokalt til Grande Gård, der 3 av 4 moseartar trengte denne tradisjonelle bruken for at dei skulle bli tatt vare på, så er det jo naturforvaltning og verneorganisasjonar som har så store problem med sitt truverde, når dei går for berre eit klassisk vern vedr. slike område.

Når attgroinga skjer i så stort omfang og artar blir pressa ut som følge av dette, så er det eit yttarlegare behov for å ta ei styring over dette lokalt, som skog og naturforvaltarane, som har kunnskapane om dette bør få ta del i. Der naturforvaltninga er noko av det mest sentralstyrte og står for at områda berre blir «klassisk verna» og det til ein attgroing-status.

Vi som har deltatt på fleire av FNs miljø-konferansar, veit jo at dette er eit verdsomspennande problem, der ikkje minst klimaendringane vil ha veldig store effektar. Men når det heller ikkje ser ut til at dette av oljenasjonen blir tatt serleg på alvor, der klimautsleppa i dag er 25% høgare enn i 1990. Og der vi hadde hatt god råd til å gjere det som «Gap-konferansen» nyleg viste, at vi her i landet er berre i ferd med å flate ut CO2 utsleppa, så er det jo fordi det ikkje er gjort noko serleg effektivt anna en litt el-bil politikk, for å få ned utslepp frå biltrafikken. Og det er jo her at jernbanen med ein langt større satsing på godstransport burde ha fått ein langt større rolle.

I staden så ser ein jo at pga. økonomien i Cargo-nett, så legg dei no ned 3 av 4 godstog på Sørlandsbanen. Kva «gal verden» er det dagens politikarar er i ferd med å tukle til, når dei ikkje evnar å ta dette problemet på alvor, som kan bli eit problem over alle problem dersom dei berre stikk hovudet i sanden. For det er jo også sentrale politikarar som også sørga for at vi fekk det internasjonale WWF her til lands, som her i landet er berre ei tilsniking og berre er opptatt av dei rovdyr-artane som kan få vekk den tradisjonelle slått/beitenæringa, som også har så stor betydning for å ta vare på alt av arstmangfaldet. For vern av rovdyr har vi jo sett kan gjerast på anna vis, som vi har gjort med den norske fjellreven og som vi vil bli tvinga til med isbjørnen på Svalbard etter kvart.