Ein veg gjennom skogen, går gjennom skogen sitt hjarte

Lillian Marie Govasli  Foto: Privat

NAMDALSAVISA

Dette innlegget handlar mellom anna om den planlagde vindkraftutbyggjinga i Sørmarkfjellet i Flatanger. Ingen andre fylke i landet vårt er så hardt ramma(!) av planar om vindkraftutbyggjing som Trøndelag. Sørmarkfjellet er såleis berre eitt av prosjekta deira. Eg vil her reflektere rundt dette, og også gje eit innblikk i korleis ein kan betrakte det heile ut frå filosofi og økosofi.

Kvifor kjem satsninga på utbyggjing av vindkraft sterkare tilbake no? Det eine: Ein vil stanse klimaendringane ved å satse på fornybar energi- noko som burde innebere å kutte ut ikkje-fornybar energi heilt, noko den norske stat lyg om at dei vil gjere. Equinor(tidlegare Statoil) fortset med oljeutvinning både her i landet og for fullt i utlandet. Noreg har for øvrig produsert fornybar energi lenge- via vasskraft, men det er tydelegvis ikkje nok. Det andre: Utviklinga har gjort til at det no er billigare å satse på vindkraft, og at det no finst vindmøller som kan få til å lage straum trass i at det ikkje bles heile tida.                                                                                                                                          Trønderenergi og dei andre utbyggjarane av vindkraft på land gøymer seg bak eit miljømotiv. Dei legitimerer ei temmeleg uetisk verksemd bak merkelappen «fornybar energi», slik at det skal verke politisk korrekt. Dei skal sjølvsagt òg tene seg søkkrike på det. 

Med deira verksemd følgjer det mange konsekvensar for naturen- dyr og fuglar som mistar sitt habitat og menneske som mistar sitt rekreasjonsområde, område som for svært mange menneske faktisk er heilt naudsynte for å oppretthalde ein god livskvalitet. Fleire stader der det skal byggjast ut vindkraft, er det dessutan tamreindrift. Her òg kan livskvaliteten bli øydelagd både for dyr og menneske.

Når dei vil legitimere uretten endå meir kjem det historier om kor positive verknader vindkraftutbyggjinga har fått. Frå Roan kommune vert det hevda at vindkraftutbyggjinga har gjort det mogleg for dei å byggje ny sjukeheim, servicebygg og bibliotek til 120 millionar kroner.Tunnelbyggjing skal det òg bli etterkvart. Frå bibelhistoria kjenner vi til ein viss Judas som fekk 30 sølvpengar for å forråde Kristus. Men noko må ein vel ofre, seier dei som ikkje veit betre.

Filosofen Arne Næss meinte at vi burde lære om likskapar mellom oss sjølve og andre organismar, slik at vi kan forstå og ta ansvar. Det er ingen tvil om at dette bør sterkare inn i norsk skule, men lat meg ta litt vaksenopplæring denne gongen.

Hubroen- som visseleg bur i Sørmarkfjellet i Flatanger(snart kan vi kanskje seie budde), er knytt til områder der det fins skog. Hubroen er den største ugla i verda, med eit vingespenn på opptil 185 cm. Det fins 12 ulike artar av hubro. Dei hevdar territorium og dei treng eit stort eitt.                                                                                                                                                           

Hubroen sin største trussel er tekniske installasjonar, særleg kraftliner. Ja, eller vindmøller. I hekkesesongen er hubroen svært sensitiv for forstyrringar, og mange hekkelokalitetar er blitt forlatt etter anleggsarbeid eller hogst i nærleiken.  Tenk deg at du sjølv prøvde å få gjort noko viktig i livet- lat oss no seie å avle, bere fram og føde barn- og så hadde du blitt forstyrra av bråkmakarar og sabotørar døgnet rundt i månadsvis både under unnfanging, svangerskap, fødsel og barseltid? Alle levande vesen har faktisk ein rett til å realisere/utfalde seg sjølv. Det er eit felles ansvar at dette verkeleg får skje.                                                                                                                                                                                                       

Kva skjer med livskvaliteten til hubroen i Sørmarkfjellet no? NVE hevdar at dei er klar over at det er hubro i Sørmarkfjellet, men seier at dei ikkje vil pålegge anleggsstans der enno. Enno? Når da? Når det er for seint? I Noreg står hubroen faktisk på den nasjonale raudlista, i kategorien «sterkt truga».                                                   

Eg regnar med at i alle fall den friluftsinteresserte lesaren har kjend på stilla og roa ein kan føle når ein går tur i skogen eller i fjellet? Over heile verda finst det heilage skogar, fjell og elvar. Til dømes Sinaifjellet i Egypt, Ganges(som startar i Himalaya og fortset inn i India), Uluru(fjell i Australia), Mekka(by i Saudi-Arabia og Islam sin heilage by), Gudfjelløya i Tunnsjøen, dei heilage skogane i Vancouver(Canada) eller i Nord-Etiopia, for å nemne berre litt.                                                                                                                                                                             

«Our forests are our natural temples”, skreiv ein skribent i tidsskriftet TimesTravel, i sin artikkel om dei tempererte regnskogane på Vestkysten av Canada. «Kyrkja» treng såleis ikkje stå midt i bygda, ho kan like gjerne vere ute i skogen eller i fjellet. Det viktigaste er kor hen akkurat du finn den roa du treng, for å samle energi til å mestre kvardagen og livet. Men kva hvis nokon ein dag kjem og øydelegg skogen din eller fjellet ditt?                                                                                                                                       

Vi bør ikkje ha tiltru til Trønderenergi, eller til andre vindkraftutbyggjarar eller NVE. Vi bør ikkje ofre urørd natur, samme kor mykje pengar vi kan tene, for urørd natur kan vi aldri få tilbake slik han var. Det som skjer no vil, om det ikkje blir stoppa, øydelegge ein altfor stor del av urørde naturområde i Trøndelag. Det er eit stort svik både mot oss sjølve og mot generasjonane som kjem etter oss.                                                                                                                                                     

Ein veg gjennom skogen, går gjennom skogen sitt hjarte. (Arne Næss).                                    

Stopp vindkraftutbyggjinga!