Om vern av skog

Verneprosessar skal vere inkluderande og opne

Verneområda vi allereie har, tar ikkje tilstrekkeleg vare på alle naturtypar. Derfor har vi, i tråd med Stortingets vedtak, avgjort at det skal gjennomførast eit avgrensa utvida vern i Noreg. Skogvern på privat grunn skal framleis vere frivillig, og alt nytt vern vil følgje vanlege erstatningsreglar.

  Foto: Ragnar Prestvik

NAMDALSAVISA

Artene og naturtypane i verda blir trua eller forsvinn i eit skremmande raskt tempo. Alle land, òg Noreg, har eit ansvar for å hindre at det skjer. Vi har naturtypar som treng betre vern. Det vil vi gjere noko med.

Arbeidet med utvida, eller supplerande vern, skjer i to fasar. Vi er no i fase ein, der fylkesmennene har levert ei oversikt over område som kan vere aktuelle for supplerande vern, og Miljødirektoratet har lagt fram ein tilråding.

Klima- og miljødepartementet vurderer no direktoratets faglege tilråding, og vi vil saman med dei andre departementa vurdere dei naturfaglege råda opp mot andre samfunnsomsyn. Så vil vi ta stilling til kva for eit omfang eit supplerande vern skal ha, og kvar det er aktuelt å starte konkrete verneprosessar.

Fase to er gjennomføringa av dei konkrete verneprosessane. Når vi kjem så langt, ser vi fram til å ha eit godt samarbeid og dialog med kommunar, grunneigarar og andre interessentar.

I eit innlegg i Namdalsavisa 27. juni gir Sigrid Hjørnegård, Per Skorge og Arne Rørå uttrykk for at dei er bekymra for at det skal gjennomførast tvangsvern som styresmaktene ikkje vil betale for.

Eg kan roe Noregs Bondelag, Skogeigarforbundet og Norskog med at det planlagde suppleringsvernet ikkje vil føre til tvangsvern av skog på privat grunn. Skogvernet vil som no fortsetje som frivillig vern.

Suppleringsvernet vil i likskap med skogvernet og alle andre vernesaker følgje erstatningsreglane i naturmangfaldlova.

Når dei konkrete verneprosessane startar, vil alle partar, som kommunar, grunneigarar og ulike organisasjonar, få delta i prosessane på vanleg måte. Då skal verneinteresser og andre samfunnsinteresser vegast mot kvarandre før eit eventuelt vern blir vedtatt.

Bakgrunnen for arbeidet med supplerande vern er Stortingets behandling av naturmangfaldmeldinga "Natur for livet: Norsk handlingsplan for naturmangfald".

Målet er at det supplerande vernet skal dekke manglar i dei eksisterande verneområda. Det er særleg i lågareliggjande område i Sør-Noreg vernet er mangelfullt, medan fjellnatur er overrepresentert. Låglandsområda med sitt rike artsmangfald og mange naturtypar er viktige for å sikre ei heilskapleg ivaretaking av norsk natur.