Gå til sidens hovedinnhold

Bjarne Brøndbo har rett om søppel

Da Midtre Namdal Avfallsselskap vart danna ved å legge søppelplassen på Sandmoen, opponerte eg sterkt mot dette i si tid.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dette var etter kvart litt av ei stor sak, fordi det vart berre tatt sikte på å legge avfallet på Stormyra, med avrenning og mange problem som Bo Pettersen, som tilsett sjef, etter kvart vart sett til å ordne opp i . Dette vart gjort i ei tid ein begynte å tenke litt i resirkulering av avfall, som det etter kvart vart så MNA kom å laga eit av landets beste opplegg for med sortering i fleire fraksjonar, som ein ser det har fått i dag. Men problemet er at det er ikkje alt avfall som kan resirkulerast.

Når det gjeld Namsos sin rolle i høve til Overhalla, så er det Namsos som har hatt mest nytte av det. Så om Overhalla valde å stå utanfor Namsos kommune så bør ikkje det bli nokon form for reaksjon frå Namsos, for det handlar om også kva struktur kommunane elles som Høylandet-Grong skal kunne bli del av.

For poenget med ny organisering av avfallssektoren er at den må peike framover minst 50 år. Og da kjem eit anlegg på Skage langt betre ut både miljømessig og praktisk. fordi det er framleis ein del lukt frå slike anlegg. På Skage er det nok område for å takle dette. I tillegg så bør eit avfallsanlegg no lokaliserast inn mot eit jernbane spor, da heller ikkje Namsosbanen vart nedlagt sist Overhalla prøvde seg på det. For med det fokuset som no mikroplast har fått så er bildekk det som gir mest mikroplastforureining til havet. For i løpet av 10-15 år vil det bli eit enormt fokus på dette, da det viser seg at plasten frå eit betalingkort får vi i oss gjennom maten kvar veke, er det sett fram påstandar om. For dette vil prege debatten mest i tida framover på miljø. For ingen ting avskrekkar folk meir enn dette, fordi det har så stor påverknad på helsa vår.

Lytt til dette Arnhild Holstad. Dagens forslag vil uansett gi deg svært så mange problem og nedturar vedr. å legge eit slikt anlegg i sentrum av Namsos. For dei som elles held på med resirkulering av bilar, har nok tenkt langt fleire miljøtankar enn folk flest. Så gi deg i tide, for dette ser ut til å bli «Sandmoen» på nytt, noko du ikkje har fått med deg historisk, fordi du kom flytande til Namsos langt seinare. Dette er rådet mitt, som i si tid sette i gang denne debatten vedr. «Sandmoen».

Kommentarer til denne saken