Gå til sidens hovedinnhold

Dei politiske svovelpredikantane

Sannsynligvis kan den godt dokumenterte ml-rørsla brukast som ein case-studie av autoritær fundamentalisme i praksis, uavhengig av religiøs eller politisk tru, skriv Idar Lind, som fortel om erfaringane frå 1970-talets Trondheim.

Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.

(Trønderdebatt)

Den store politiske vekkinga heimsøkte landet i nokre år før svovelpredikantane kom. Det skjedde etter at sentralkomiteen i AKP(m-l) i august 1975 vedtok «Teser om høyreavviket». Vi som ikkje hadde den rette trua, gjekk no inn i ein fleire år lang skjærseld.

Historieskrivinga om den politiske venstresida på 1970-talet har oftast handla om den vesle sekta som dyrka marxismen-leninismen Mao Tse-tungs tenking. Det er lett å glømme at dei autoritære fundamentalistane ikkje var dei einaste aktive. Her var også politiske agnostikarar, fritenkarar, karismatikarar og pietistar, og skriftlærde som hadde lese meir enn evangelia etter Marx, Engels, Lenin, Stalin og Mao. Ja, dette var i så gamle dagar at til og med Unge Venstre var ein del av venstresida.

Tesane om høgreavviket, forfatta av den sentrale ml-aren Tron Øgrim, tok avstand frå «forsonlig taktikk» som gjekk ut på å «gå inn i aksjonsenheter» med «revisjonistene». Det siste betydde konkret «den taktiske hovedfienden» SV, men inkluderte også partiuavhengige personar og grupper.

Godt samarbeidsklima var eit høgreavvik. Dei saksorienterte politiske organisasjonane, frontane, skulle brukast «som et middel til å organisere massene» «under ledelse av proletariatet og kommunistene». I desse massane inngjekk «ærlige progressive», altså engasjerte personar som ikkje innsåg at dei var «under ledelse».

Som Olav Duun seier det om den religiøse vekkinga i romanen Storbrylloppe: «des meir folk gav seg over, des tyngre var gudsorde over dem».

Miljøvern

I (snm), Samarbeidsgruppene for natur- og miljøvern, kom det eit forvarsel ein månads tid tidligare i 1975. Ein kveld under sommarleiren i Eikesdalen satt vi samla til sosialt samvær, trulig med Martin Svingen, Änglamark og Kor er hammaren, Edvard som allsong. Så oppdaga vi at ikkje alle var der. Nokon opna døra til eit anna rom. Der hadde marxist-leninistane fraksjonsmøte.

(snm) var breitt samansett med medlemmar frå eit stort politiske spekter. Du kunne høyre til nikkersadelen og vera mot Mardøla-utbygginga, eller medlem av Unge Høyre og mot atomkraft. Forkortinga med små bokstavar i parentes markerte at sakene var viktigast. Dette var ikkje ein organisasjon med sentral leiing, men samarbeidande grupper med mange medlemmar som ikkje ville vera «under ledelse av proletariatet og kommunistene».

Natur- og miljøvern hadde ikkje høgast prioritert i ml-rørsla, og var heilt fråverande i «tesene». Under arbeidet med nytt handlingsprogram i 1976 etterlyste formann Pål Steigan «polemikk mot revisjonistiske og populistiske linjer for natur & miljøkampen». Det var viktig «å nevne monopolkapitalen og imperialismen/supermaktene som hovedfiende». Mens det i (snm) vart satsa på faktabasert innsats frå sak til sak, var «motekspertise» eitt av punkta på Steigan si liste over revisjonisme og populisme.

Det skulle vise seg vanskelig å samle (snm) «på klassekampens grunn». Som eksempel kan nemnast at vi i Trondheim brukte seks avstemmingar for å bli einige om kva vi skulle gjera 1. mai. Først vedtok vi

  1. å gå i tog. Så vart det i tur og orden mindretal for
  2. å gå i begge toga,
  3. i det eine,
  4. i det andre, før det vart
  5. vedtatt å gjenta den første avstemminga.

Til sjette og sist vart vedtaket å ikkje gå i tog.

Chile

Solidaritetskomiteen for Chile vart stifta etter militærkuppet i 1973 med representasjon frå Unge Høyre til AKP(m-l). To år seinare oppsummerte «tesene» det tverrpolitiske samarbeidet som eit eitt av mange høgreavvik som gjorde det umulig å organisere massane under den rette leiinga. Særlig problematisk var SV som ifølgje «tesene» spreidde «løgner som at den viktigste form for solidaritetsarbeid nå er å støtte den revisjonistiske folkefronten i eksil».

I tråd med politikken til Kina og «sosialismens fyrtårn i Europa», Albania, avviste ml-rørsla alt internasjonalt samarbeid med grupperingar som vart støtta av Sovjetunionen. Dette fekk konsekvensar i mange organisasjonar. Somme vart splitta, andre overlevde utan ml-arar.

«Den revisjonistiske folkefronten» i Chile var Unidad Popular, den breie politiske alliansen som gjennom eit demokratisk val sikra den no styrta presidenten Allende makta. I Folkefronten var det Sovjet-vennlige innslag. For den norske ml-rørsla var alternativet derfor å alliere seg med chilenske maoistar i PCR, eit miniparti som var i konflikt med Unidad Popular.

I Norge var ein av konsekvensane at da Chilekomiteen vart splitta hausten 1975, hamna brorparten av dei chilenske flyktningane i den nystarta Chileaksjonen.

Kvinner i kamp

Kvinnefronten vart ifølgje «tesene» danna som «en partipolitisk uavhengig kvinneorganisasjon, som tok utgangspunkt i det nivået massene som ønska å bli kvinneaktivister var på». Dette opna for konsesjonar til «revisjonismen og sosialdemokratiet», og var ei line for ein «småborgerlig» front «dominert av intellektuelle jenter og deres problemer». I framtida var det viktig at medlemmar på det låge nivået ikkje fekk «være bestemmende for KFs politikk».

«Tesene» etterlyste «en sterk organisasjon for KF og arbeidet med egen propaganda både for KF og for partiet», «ei innretning på arbeiderklassen», «ei prinsippiell holdning til imperialismen generelt og sosialimperialismen spesielt», og motstand mot «revisjonistiske og borgerlig-feministiske ideer».

Mange gjekk ut av Kvinnefronten hausten 1975 og danna uavhengige grupper med namn etter det gamle slagordet «Brød og Roser». Gruppene samla seg til ein ny organisasjon med flat struktur og utan sentral styring.

Ei av dei som ikkje braut ut, oppsummerte drygt 20 år seinare: «Vi var kvinnefrontere, ikke (ny)feminister». Sagt med andre ord: Dei var meir opptatte av brød enn av roser.

Sovjetisk invasjon

Frå hausten 1976 var det ifølgje ml-rørsla eit spørsmål om månader før Sovjetunionen invaderte Norge, kanskje berre veker. Kvinnene sydde kvite kamuflasjedrakter til geriljakrigen, og Oktober forlag ga ut Maos Militærskrifter i utvalg i feltutgåve med plastomslag.

Som saksunderlag til «AKP(m-l)s seierrike 2. landsmøte» skreiv Tron Øgrim: «I tilfelle verdenskrig og sosialimperialistisk okkupasjon, må vi rekne med at de fleste revisjonistpartiene i vest eller deler av dem vil fungere som sosialimperialismens agenter og være villig til å gjøre tjeneste som quislinger for okkupanter».

Den gongen var eg medlem av «revisjonistpartiet» SV. Ikkje sentral, men ganske synlig fordi eg var redaktør av studentavisa Under Dusken. På eit lokalt flygeblad vart vi omtala som «potensielle quislingar». I klårtekst måtte dette bety: Enten sto eg på ei liste, eller dei potensielle geriljakrigarane hadde slurva med krigsførebuingane sine.

Barneskirenn

I området Møllenberg/Rosenborg i Trondheim førte splitting til ei velforeining og ei bebuarforeining. På nyåret 1977 vart det derfor danna to parallelle aksjonar mot utbygging i Småbergan ved Kristiansten festning: Ein aksjonskomite og ei arbeidsgruppe. Desse miljøa arrangerte i februar kvar sitt barneskirenn med ei vekes mellomrom.

I ettertid er det mulig å sjå (tragi)komikken, men konflikten mellom ml-rørsla på den eine sida og resten på den andre var på ingen måte ein serie barneskirenn. Det var lange, aggressive og oftast lite fruktbare kranglar. Det var engasjerte aktivistar som forsvann fordi dei ikkje orka aggresjon som nærma seg hat. Det var vennskap som rakna. Lista over bortkasta krefter er lang. For mange var det meir enn ei vandring gjennom ein skjærseld, det var sjølve Helvete.

Smilekampanje

Våren 1978 strauk ein ny vind gjennom lufta. Klimaet endra seg. I mine kretsar kalla vi det «smilekampanjen». Internt i ml-rørsla var det eit «oppgjør med 'venstre'avviket», men det var dei same personane som starta avviket, gjennomførte det, og som tok oppgjeret. Den opplagte grunnen til hermeteikna er at Sentralkomiteen ville fråskrive seg ansvaret gjennom å konstruere eit anna «venstre» som kritikken kunne rettast mot.

Livet vart lettare da smilekampanjen kom, men konfliktane forsvann ikkje. Dei kosta berre litt mindre krefter. Mange var luta lei, også i (snm) som så vidt hadde overlevd utan splitting. På nyåret 1978 gjekk ein stor del medlemmar og grupper ut og danna Økopolitisk samarbeidsring. Dette ga i realiteten ml-arane fleirtal i (snm), men før landsmøtet nokre veker seinare må dei ha hatt fraksjonsmøte. Som resultat av smilekampanjen vart organisasjonen forsøkt tilbakeført til tilstanden før «tesene» kom, men det var for seint.

Gammal hund er vond å vende. I fleire år til måtte vi slite med motlause debattar. Kanskje var endringane størst internt i ml-rørsla, sjøl om Marx og dei fire andre enno hang på veggane (og dette er ingen metafor). Hausten 1978 kom det som formannen Pål Steigan har kalla «partikrisa». I etterkant av landsmøtet i 1980 meldte mange seg ut. Fleire av desse hadde vore svært sentrale i AKP(m-l).

Som den religiøse Gjartru i Olav Duuns Storbrylloppe seier til søstera Åsel: «No ser vi da vegen vår framfor oss; åt kvar sin kant».

Konspirasjonsteoriar

I AKP(m-l) rulla kampane om høgre- og venstreavvik vidare, men det er ei anna historie.

Spørsmålet blir om erfaringane frå 1970-talet er relevante i dag. Sannsynligvis kan den godt dokumenterte ml-rørsla brukast som ein case-studie av autoritær fundamentalisme i praksis, uavhengig av religiøs eller politisk tru.

På møtet i sentralkomiteen i august 1975 vart ikkje berre «tesene» vedtatt, men partiformannen Sigurd Allern sparka. Pål Steigan tok over som øverste sjef for den demokratiske sentralismen. Drygt førti år seinare etablerte han bloggen steigan.no.

Som redaktør har Steigan gitt spalteplass til konspirasjonsteoriar av alle valørar. Mellom anna gjeld dette vaksinar, 5G som mulig årsak til korona, 5G generelt, jødisk infiltrasjon m.m. Kjeldebruken er selektiv, og ein påstand kan like gjerne stamme frå Putin-regimet som frå det ekstreme høgre i USA.

Kanskje kan Steigan-bloggen avvisast som perifer og ufarlig, men eg får stadig kjensla av déjà vu. Det er alltid ein risiko for at «ærlige» lèt seg forføre av ein autoritær leiar med ein Visjon for Norge eller som vil «Make America Great Again», og som gjerne siterer «tesene»:

«Vår ledelse er sterk, og kameratene i den har gode hensikter».

Kommentarer til denne saken