Gå til sidens hovedinnhold

Eldre må ikkje kome til kort

Verken pandemien eller digitaliseringa må få hindre at vi kan gjere borgarplikta vår. Derfor oppfordrar eg alle kommunane i landet: Gi eldre god og grundig informasjon om alt som er nytt og annleis ved valet i år.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Dette valåret skjer det ei viktig endring. Veljarane vil ikkje lenger få valkortet tilsendt på papir, det kjem digitalt. Det er påvist at mange ser på det digitale valkortet som ein ulempe: Nokre kommunar testa ut digitale valkort i 2019. Evalueringa etterpå viste at ein fjerdedel av dei over 60 år som fekk kortet digitalt, ønskte å få det på papir neste gongen.

Innføringa av digitale valkort må ikkje føre til at nokon eldre fell mellom stolane og droppar å bruke stemmeretten. Digitaliseringa fører mykje bra med seg, men vi må ikkje trykke så hardt på den digitale gasspedalen at vi køyrer ifrå dei som ikkje er digitale.

Ein del vil enno få valkortet på papir, og det skulle berre mangle. Papirutgåva blir sendt til dei som har reservert seg mot elektronisk post og dei som har ikkje har oppdatert eller bekrefta opplysningane sine i kontakt- og reservasjonsregisteret på 1,5 år.

Men vi i Eldreombodet er bekymra for at der er for få unntak frå den nye regelen om at valkortet kjem digitalt. Vi fryktar at eldre som er i ei digital gråsone i praksis ikkje vil få valkort.

For eksempel: Dersom ein eldre person har hjelp av pårørande til å opne den digitale postkassa si, vil ikkje valkortet nødvendigvis nå fram til veljaren sjølv. Det er ikkje sjølvsagt at den pårørande vil formidle informasjonen vidare.

Den som ikkje får valkortet sitt, kan gå glipp av viktig informasjon om opningstidene i stemmelokalet. Har det nærmaste stemmelokalet blitt flytta sidan sist, kanskje på grunn av ei kommunesamanslåing? I så fall må du også få informasjon om det på valkortet ditt.

I år må valkortet dessutan vere ei viktig kjelde til opplysningar om smittevernet i stemmelokalet. Ingen må oppleve at det er utrygt å stemme fordi dei er usikre på korleis smittevernet blir sikra.

Mange eldre er flittige veljarar. Faktisk har dei som nærmar seg 70 år den høgaste valdeltakinga av alle aldersgruppene. Men kommunane og Valdirektoratet kan ikkje ta for gitt at det vil fortsette slik. Dei må bruke mange kanalar for å nå fram til absolutt alle med informasjon om valet.

Alle som har stemmerett, må få erfare at det er lett å få stemt. Sjølv om ein ikkje treng å ha med seg valkortet for å stemme, har kortet mange viktige funksjonar. Derfor må valkortet nå alle. Ingen må oppleve å kome til kort når det er val.

Kommentarer til denne saken