Gå til sidens hovedinnhold

Forteljingane framstilte samar som dumme og primitive, nordmenn som snarrådige

Myter om samisk fortid har skapt framandgjering og rettferdiggjort urett i Namdalen. Makter våre nye forteljingar å overvinna dei gamle?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Anders Olsen Ness rydda gard ved Hutnegejaevrie/Hudningsvatnet i Røyrvik i 1808, som ein av dei første i fjell- og skogområda nord-aust i Namdalen. Her hadde han festesetel, leigekontrakt, på det krona definerte som kongeallmenning. Området var derimot ikkje folketomt, det hadde vore samisk bruksland i mange hundre år. I nærliggande område hadde gardsryddinga lagt press på reindrifta og skapt strid, men Anders brydde seg lite, han «skulle være en ualminnelig stor og sterk mann». Då «en flokk samer» kom for «å jage ham fra plassen», kasta han ein stor vedstokk etter dei – «samene flyktet så fort benene bar dem».

Heltehistorier om staute rydningsmenn som banka opp samiske angriparar finst det fleire av, ikkje berre i Namdalen. Slike epos gjorde tileigninga av samisk land rettmessig, det var den sterkaste sin rett. Nyryddarar skapte biletet av seg sjølv som forsvarar mot urettmessige overfall, og deira nære etterkommarar fekk forklart sin plass i verda. Mytane døydde derimot ikkje, men gjekk inn i det felles lokale medvitet. Slik har skildringane av dei sterke samejagarane levd fram til vår tid, sitata over er frå bygdeboka for Røyrvik frå 1997.


Utover 1800-talet vart det austre Namdalen så kolonialisert på ny, av embets- og vitskapsmenn. Som oppdagarar tok dei naturen i hevd og skreiv heim frå «de øde og ukjendte vidder», som «alene gjennemstreifes af de omvankende lapper», ifølgje forstassistent Johan Krag i DNTs årbok 1887. Skildringane gjorde landskapet framand og eksotisk, ei øydemark bureisarar og skogkapital hadde moralsk rett til. Denne forteljinga held seg likeins framleis, «indre Namdal var mye vill mark, enorme områder nærmest lå brakk», heiter det i 150-årshistoria for Van severen frå 1999.

Den påståtte villmarka hadde derimot lenge vore forvalta etter tydelege reglar. Den samiske sijten ordna bruken av landskapet nøye, der områda vart arva gjennom slektskap. Kongemakta hadde tidlegare anerkjent tilhøyret som grunnlag for skatteutskriving, før krona eigna til seg landet på 1700-talet og byrja leiga ut delar av det. Festesetlar var likevel delt ut òg til samar, for rett til reindrift og fiske, og det heldt fram, sjølv om dei var lite verdt i møte med bønder utanfrå.

Trass framandhat, kunne samisk rett til landet likevel anerkjennast ved midten av 1800-talet. Forstmannen Nicolay Martens skreiv frå Lierne i 1863 at samar rett nok var «hæslige», men dei hadde «fra gammel tid bygslet store strækninger af staten». Kulturforskaren Nils Stockfleth hevda samar stod på eit lågare kulturelt trinn, «men det er nybyggeren som trænger ind paa fjeldfinnens enemærker». Berre hånet overlevde hundreåret. På heilt sviktande grunnlag hevda historikaren Yngvar Nilsen i 1889 at sør-samar var innvandra til Namdalen mot slutten av mellomalderen. Påstanden slo rot og fekk leva gjennom 1900-talet, både i Jørn Sandnes band av Namdalens historie og i seinare bygdebøker.

Frå å bli forvist frå landskapet, vart samisk kultur så framandgjort frå byrjinga av 1900-talet. Absurde, ofte groteske historier om samiske tradisjonar med eldredrap og ofring vart forma. Menneske skal ha vorte drepne i religiøs ekstase, gamle sendt nedover fjellsida med slede eller drukna under isen. Sogene stemte dårleg med den respektfulle stillinga eldre hadde i det tradisjonelle sør-samiske samfunnet, men likna meir på eventyrlege førestillingar om ættestup i norrøn tid eller klassiske skildringar av framande folkeslag. Offermytane var latterleggjering av gamal samisk religiøs skikk.

Forteljingane framstilte samar som dumme og primitive, nordmenn som snarrådige. Orientalisme kalla litteraturvitaren Edward Said slik mytespinning: Ved å redusera det framande til eksotiske myter, framhevar ein sin eigen kultur og marginaliserer andre. Sør-samisk levesett og tradisjonar vart på same vis redusert til lågtståande stereotypiar for å forsvara diskriminering og maktmisbruk.

Mangfaldet i det sør-samiske samfunnet gjekk slik òg tapt i historieforteljinga, samisk bruk av kysten passa ikkje inn, heller ikkje ein eigen organisering av landskapsbruken. Vulgære og framandgjerande skrøner vart i staden fortalt, i historisk litteratur, så vel som på folkemunne. Som fascinerande forteljingar har dei vore seigliva fram til i dag, sjølv om dei enkelt kan avvisast som oppspinn.

Frå kring 1960 vart sør-samisk levesett i større grad forsøkt formidla på eigne premissar i historieskrift og presse. Verdifull kunnskap om samisk fortid har slik komme fram. Historieforskinga evna etter kvart å overvinna eigne fordommar, påstanden om samisk «framrykking» etter 1500 vart avslørt. Samiske personar og tradisjonar kunne heller omtalast med respekt og danna emne i lokalhistoria, sjølv om omfanget ofte har vore for lite.

For å få fram samiske bidrag i lokalhistoria og bodskapen om ei felles fortid, vart til gjengjeld etniske konfliktar avdempa. Sjølv der ein hadde handfast dokumentasjon på overgrep, vart det tolka som avvik. Slik vart urett i staden underkommunisert, sjølv om kjeldene fortel tydeleg både om diskriminering og vedvarande interessekonfliktar. Gamle myter er tona ned, skildra som usikre folkeminne, men framleis tatt med som gode historier.

Historieskrivinga har slik ofte ikkje gjeve eit dekkande bilete eller medverka nok til å ta avstand frå nedsettande haldningar og stereotypiar. Vi har eit større ansvar enn som så – nye forteljingar må òg ta eit oppgjer med dei vi har fortalt før.

Kommentarer til denne saken