Gå til sidens hovedinnhold

Gods på bane reduserer CO2 mest

I trontalen som Kong Harald framførte på måndag i det nye Stortinget, er eitt av dei fremste tema sterk reduksjon i dei norske klimautsleppa. I dei tidlegare Stortingsperiodane så har dette spørsmålet, blitt skuva framfor den politiske agendaen. Det har berre vori ein svak nedgang dei siste tre åra.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Men i trontalen som Kongen heldt på måndag, så skal det no takast skikkeleg tak i dette. Det må bety at det blir langt meire godstransport på jernbane, for det er inga næring som har så store utslepp som det vegtransporten med trailer har her i landet, som siste år utgjorde 78 prosent av all transport på landjorda. Medan gods på jernbane har utgjort berre 5 prosent av totalen og båttransport har utgjort omlag 15 prosent .

Medan privatbilen er på tur nedover vedr. klimautsleppa, så har el-bil-politikken hatt ein brukbar effekt på utsleppa, men det er jo ikkje her med privatbilen sin andel av utsleppa kan bli så mykje redusert likevel, fordi i dei kaldaste strøka i landet så fungerer el-bilen litt dårleg. Så når privatbilen sin andel av CO2 utsleppa er berre 6,7 prosent, medan trailernæringa sine utslepp utgjer mellom 46-47 prosent av utsleppa, så er det her at landet kan justere ned dette raskt.

Dette fordi at så stor andel av transporten skjer over landegrensene, med lastebil - såkalla kabotasje. Så det er her at jernbane-selskapa har si store utfordring. Meråker banen er nyleg oppgradert, slik at han kan ta langt meire av transporten på bane, mellom Midt – Sverige og Trøndelag. Og Rørosbanen kan få ein ny renessanse ved at ein kjøper polske lokomotiv, som kan gå på hydrogen.

I høve til Dovrebanen, så er det 400 færre høgdemeter og langt slakare stigningar, som gjer at godstoga kan bli dobbelt så lange på Rørosbanen. Dette bidreg sterkt til ein betre økonomi til å kunne konkurrere med kabotasje- transporten frå utlandet. Når også dagens togstransport skjer med 80 prosent EL, så er det dette som er løysinga på å redusere klima-utsleppa mest.

Det betyr at når det meste av godset til Bodø, som kan gå vidare med båt nordover, no går med trailer, så burde meire av dette gå med båt, til Nord-Norge banen blir bygd mellom Fauske og Tromsø. Til og frå Mo i Rana og Mosjøen går det mykje gods med bane, medan Grong knapt har nokon form for godstransport, berre passasjertog. Derfor bør ein ta debatten om å legge ein omlastingsplass på Skogmo, for både industrien der og for den som finst rundt Brønnøysund og frå Nærøysund kommune.

I Steinkjer er det no oppgradering på gang, men området er svært så begrensa for ein større overgang av gods. Når Valdres-banen no er under diskusjon om å kunne bli opna på ny, så burde ein også få til ein diskusjon om å få restaurert Namsosbanen. For statusen for begge banar er no omtrent den same, vedr. å få gradert opp begge banar. Når det også foreligg planar for ei ny Mjøsbru, som også skal innehalde eit jernbanespor frå Gjøvikbanen til Dovrebanen rundt Moelv, så ligg det an til ein ny transportakse Gjøvik- Raufoss- Hønefoss-med skifte over til Bergens-banen, samt å kunne kjøre godstog vidar til Lier, med tanke på Sørlandsbanen.

Det siste som må skje raskt er å få godstog i langt større grad til å gå over Charlottenberg til utlandet, fordi det er så store kapasitetproblem frå Moss og vidare sørver til Halden

Det er først og fremst viktig å få gradert opp banar som eksisterer eller har eksistert tidlegare fordi det er langt vanskelegare og langt mindre kostnad med dette, enn å bygge nye banar, fordi dei krev eit langt større kommersielt grunnlag.

Dette med å satse maksimalt på jernbanen gjer at landet ikkje må satse så sterk på miljøavgifter, som visse parti vil, for i 2030 så er det kva som er redusert av CO2-utslepp som avgjer kor store klimaavgifter som blir innført etter kvart. Så landet har alle fordelar av å satse på å få til overgang til jernbanetransporten maksimalt. Likeså treng ein langt mindre utbygging av firefeltsvegar med ein slik politikk.

Kommentarer til denne saken