Underskrivne har sidan starten vori irritert på dette systemet, og kan sikkert beskyldast for å ha ein kjepphest. Min motstand mot systemet er at det sett ned utbetalingsprisen til mjølkeprodusenten, mot det det kunne vori. Inntekta til mjølkprodusenten dekker berre dårlig arbeidbetaling og ingen kapitalinntekt.

No når dept. har vedteki å avvikla frakttilskotet til QM og Rørosm. (på høg tid), så må heile systemet gå mot avvikling. Det er ingen grunn til at såkalla private, dvs. AS, skal ha særbehandling. Det har ikkje slike selskap i kjøtt, egg eller kraftfor og maskiner.

Dei greier seg likevel. Det gjer desse AS-meieria og iflg. Google har Synnøve Finden i 2020 totalrentabilitet 18 % og egenkapital 47 % QM har totalrentabilitet 22 % og egenkapital 45 %. Årsresultat 108,6 million.

Det har stått i Nationen at QM får av PU ordninga 64 øre i kapitalgodtgjøring, 27 øre i generell korreksjon, 50 øre i distribusjonsstøtte. I ein annan samanhang vart det sagt at Q fekk støtte tilsvarande etterskotet i Tine + 5 øre, i fjor 75 øre. Dersom det siste er rett, får QM i alt 2,16 øre i overføringar, i mi meining, subsidiar av mjølkprodusentane.

Så har eg Googla på Synnøve Finden og ser at det er oppkjøpt av Scandza, som er eigd av Provender AS som er eigd av seg sjøl i diverse selskap. Det er to Sunde og ein Bodd som går igjen i styra og i aksjeinnehav.

Synnøve får vel og frå PU ordninga kapitalgodtgjedsle og generell korreksjon som QM? Så betaler dei det same som Tine i Tine råvare. Men så betaler Tine ut etterskot i 2020, 70 øre, også for mjølk til meieri utan eigne produsentar. Dermed blir Synnøve subsidert med kr 1,61 pr liter av mjølkeprodusentane.

Det var i Gunhild Øyangens tid i landbruksdept. at ideen vart unnfanga om konkurranse i meierisektoren, og gjennomført i Bjarne Håkon Hanssens tid (ikkje dei to mest elska landbruksministrane). Grunngjevinga var at det skulle bli billegare meieridrift, større utvalg og betre kvalitet. Det er så mykje forskning no for tida, men eg har ikkje sett resultat av noko. Eg har berre sett ein pappkartong med anna dekor, og nokre ostar med meir gloråt innpakning. Mangfoldet er det Tine og gardsostprodusentane som laga. Dei siste på handtverksmessig måte og til ein høgare pris.

Denne PU-ordninga, som er misbrukt, var vel den frå 30 åra som skulle hindra at ostmeieri, unna tettbygd område, skulle kjøra flytande produkt inn til sentra. Derfor vart det lagt avgift på flytande produkt og tilskot til mjølk brukt til faste produkt. Dette gjennom mjølkesentralane. No er det i og for seg eit statlig organ, men finanseringa er det same. Eg ser at det påstås at det er forbrukarane som betaler. Det er det i og for seg, dei betaler alle kostnader i siste innstans, inkl. mva. Poenget er at hadde ikkje midla gått til desse AS-meieria, så hadde dei tilfalt mjølkeprodusenten. Det er ikkje småpeng, men fleire tikroner pr. arbeidstime. Ei anna løysing er å senka prisen til kjedene, men det er ikkje sikkert at det kjem forbrukaren til gode.

QM prøver febrilsk å blanda i hop den avgifta dei betalar til PU-ordninga, som Tine; til nedskrivning av «ostemjølk» med dei tilskota dei får til «frittståande» meieri. Det må dei ikkje få lov til lenger. Rørosmeieriet opplyste om at dei overførte distribusjonstilskotet uavkorta til nedskriving av prisen på økologisk mjølk. Klårare kunne dei ikkje sagt at distribusjonstilskotet var unødvendig. Det har og stått i avisene at på nokre butikkar er økologisk mjølk billegare enn konvensjonell.

Det har vori vanskeleg å bevisa at økologiske husdyrprodukt er meir helsesame og har mindre utslepp enn konvensjonelle. Da er det nærmast komisk at økologisk blir billegare i butikk dersom dei er innom Rørosmeieriet og dei får distribusjonsstøtte som dei brukar til nedskriving av desse produkta. Primærprodusenten må ha meir og får meir, fordi produksjonen er dyrare.

Normilk på Levanger er og eit selskap med ein enkel produksjon som blir subsidiert av mjølkprodusentane, og tener grovt.

Hadde ein fått vekk denne ulogiske subsidieringa av desse selskapa og overført dette til mjølkeprodusentane, hadde ein betra inntektsmulighetene deira monadleg. AS meieria må gjerne konkurera, men det må ikkje vera mjølkprodusenten som betalar gilde. Klarar dei ikkje det, etter 20 år med rause ordningar, så får dei finna seg annan bransje.

Desse ordningane må vera dårleg kjend, både hos mjølkprodusentane og andre, inkludert pressa. Siste året har vi opplevd at mjølkeprodusentar har reklamert for såkalla gårdsost, produsert av Synnøve i meierianlegget på Namsos. Anlegget vart i si tid tvangsseld av konkuransetilsynet frå Tine til Synnøve, til innbrotspris. Mjølkprodusentane burde vite at det går ut over deira eiga arbeidsløn for kvar liter Synnøve får tilkjørt.

Eg vil oppfordre styret i Tine til å stå på i denne saka. Men det må for all del ikkje framstå som industriselskapet Tine. De lever godt med konkurransen. Det er mjølkprodusentane det går ut over. Derfor må det vera medlemsorganisasjonen som tek tak. Faglaga bør og vera med.

Sandra Borch har mykje å retta opp.