Når du kjem heim frå utanlandsreisa og tar fatt på siste rest av ferie. Den kor du endeleg berre skulle vere heime og ha fri og gjere alt som sommargjestene rundt deg plar gjere når dei er her. Men oppdagar at restaurantar og butikkar har innskrenka opningstidene, festivalsommaren nærmar seg slutten og sommarutstillingane er inne i si siste veke.

Når morgonbadet har eit hint av haust og kvelden blir mørk altfor tidleg og du likevel ikkje vil sitte ute fordi det er for kaldt. Og du tenker at ved dette matbordet skal du sitte resten av året, med den same utsikten og den same familien og den same maten frå den same butikken, heilt utan innslag frå solmodne tomatar og handskoren spekeskinke – med berre ei fattig olivenolje frå Eldorado til minne om ditt italienske liv ein dag i juli.

Det er då hundedagane strammar grepet og maten rotnar og flugene held fest i vindauga mens manetane klumpar seg saman i sjøen og lik kjem til overflata og putene til utemøblane er kontinuerlig fuktige.

NA-spaltist Guri Idsø Viken

Når du går ut i hagen for å sjå på resultatet av alt det harde arbeidet du gjorde i vår, og oppdagar at rosene er avblomstra, og blada er fulle av svartflekk og nokre andre blomster har vokse saman i ein stor kveil og rådyra har spist resten. Og når du ser alle bæra som må plukkast og gjerast noko med og alle bæra du ikkje rakk å gjere noko med før ferien og som no er inntørka og ferdige med livet.

Det er då hundedagane strammar grepet og maten rotnar og flugene held fest i vindauga mens manetane klumpar seg saman i sjøen og lik kjem til overflata og putene til utemøblane er kontinuerlig fuktige.

Det er då du skulle ønske at du fortsatt hadde ferien framfor deg. At du var tilbake i juni, då sommaren var eit varmt lys innerst i horisonten, uendeleg lang og full av moglegheiter. Då du kunne reise alle stader og vere med på alle aktiviteter og lese ein stor stabel med bøker og møte alle menneske som ville det same.

Eller du drømmer om første dag i ferien, då du kunne lene deg tilbake og sjå ut over eit blankt, stille hav og berre la alt fare. Då du opna kassa frå i fjor med badeklede og solkrem som lukta kokos og varm hud og byrja å tasse rundt berrføtt i graset heile dagen, plukke ein og annan blom, snakke med dei som tilfeldigvis gjekk forbi. Då du byrja på første båttur som vart til undervegs og bada der det var naturleg og åt middag nærare midnatt fordi du hadde glømt det før og det enno var lyst nok til å sitte ute og ungen uansett ikkje måtte legge seg tidleg.

Du tenker tilbake på idyllisk familiesamhald med ein tenåring som hadde glømd å vere tenåring til fordel for feriekos og netter som var så varme at det var betre å drikke vin enn å sove. Du hugsar morgonar der du kunne stå opp tidleg og drikke kaffi i timesvis før frukost fordi du likevel ikkje hadde konkrete planar den dagen og det viktigaste du måtte ta stilling til var kor du skulle bade i dag.

Og så tenker du at livet alltid skulle vore slik. At kvardagen skulle hatt meir rom for samhald, lesing, bading og generell livsnyting. At du må prøve å halde på denne sommarkjensla utover i året, prøve å gjere justeringar som lar det vere litt sommar alltid, ikkje ein endelaus haust og vinter full av stress.

Og så kjem hausten og du byrjar på jobb igjen. Du blir minna på alle krisene som var der før du tok ferie og som ikkje har blitt noko mindre av seg sjølv.

NA-spaltist Guri Idsø Viken

Men det er før du vekker innboksen frå dvalen og oppdagar alt du skulle ha følgd opp mens du var opptatt med å komme ut av mobildekningsområdet på ei øy utanfor Italia. Før du innser at du må forhalde deg til den elendige oppfinninga Digipost igjen og prøver å gjenopplive BankID frå sommardvalen sidan inkassovarsel likevel ikkje forsvann av seg sjølv då du lukka ned macen.

Du går ut i hagen og firer ned det store Prideflagget ditt, det som har hengt oppe i heile sommar fordi det aldri var noko naturleg tidspunkt å ta det ned på denne mørke sommaren. Men ein prekær situasjon har no blitt normalsituasjon, og kampen for LHBTQI-rettar er ein av mange kampar som fortsatt må kjempas i ein norsk normalkvardag. Og du tenker at du må gjere meir for denne vonde verda enn å tenke på ditt eiget morgonbad.

Og så kjem hausten og du byrjar på jobb igjen. Du blir minna på alle krisene som var der før du tok ferie og som ikkje har blitt noko mindre av seg sjølv. Russland herjar framleis i Ukraina. Prisane stig framleis. Følgjene etter koronapandemien er enno til stades. Demokratiet står fortsatt for fall. Nancy Pelosi har landa i Taiwan.

Og du byrjar å bruke ettermiddagane på å kjøre fram og tilbake til fotballtrening igjen. Lauvet fell av trea. Blomane går i dvale. Safta er på flasker. Epla er snart klare til å haustas. Men du treng i det minste ikkje å klippe graset lenger, og det er fyr på peisen.

Du ser på bilete frå ferien og kjenner at han var vellukka. Og du tenker at det var fint der på slutten. I hundagane. Då du enno hadde litt fri og tid til å drømme om sommaren som gjekk og sommaren som kjem ein gong der framme.

Den blir sikkert fin neste år og.