Gå til sidens hovedinnhold

Jernbanefolk er sinte på NA

Snorre Ness har i eit innlegg i NA 25. juni der han skriv dette: «Namdalen trenger infrastruktur som grunnlag for utvikling minst på linje med andre deler av landet – ikke engasjement for nedlegging eller «huffing» over at det til tider blir færre innbygger i noen deler av Namdalen.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Det er svært så lett å bli fullstendig einig med Snorre Ness. Men eitt av problema er jo at dette nedleggingsforslaget har kome frå Senterparti-kommunen Overhalla. Men heller ikkje Namdalsavisa går fri for kritikk, fordi avisa har vel vori delvis med på denne strategien, der eg får mange kommentarar frå jernbanefolk i Grong som er djupt forbanna. Og har vori det i lengre tid, fordi dei også har merka denne agendaen frå avisa si side i lang tid, der styremedlemer i Namsos-banens Venner, har slutta å møte i styret som ein protest mot at politikkarane ikkje vil ta utfordringa ved ei re-opning av banen.

For i eitt av dei innlegga som eg sendte for ei tid sidan, så vart tittelen endra av avisa frå «EU-max. 25 mil på trailer til bane», til ein lang setning, som overskrift. For poenget mitt var at dette direktivet kan vi faktisk ha litt nytte av når det gjeld dei kraftige klima-tiltaka, som kjem etter 2030, fordi da blir det slutt på alle denne kabotasje-kjøringa frå abltiske og polske/rumenske aktørar, som ofte har veldig ueigna lastebilar for kjøring i Norden. Og samtidig så vil jo dette føre til at lokale transportørar blir preferert for slik transport, som nok NA ikkje har forstått. Så eit slikt EU direktiv er eit direktiv, som kan bli svært så fornuftig under norske forhold.

Når situasjonen er at transport på bane berre aukar kraftig over det meste av landet og vil berre auke langt meir framover, så har dette ført til eit eige firma har starta med lokal transport på Dovrebanen, som også fører fram gods på Rauma-banen. Så dette kan jo spreie seg raskt over til Trøndelag. Samtidig som at det også har pågått planar for meir trafikk på Røros-banen, som kunne bli ideelt for på ny å frakte korn frå Kongsvinger til kraftfor fabrikken på Skogmo. Samt at tømmeret frå Vefsn kan bli frakta på bane til Namsos. Samt bilvrak frå Bildel-fabrikken på Skage

For dette nedleggingsforslaget av Namsos-banen vil jo kunne råke sterkt for dei som går for dette til haustens Stortingsvalg.

Når såkalla nedlagte banar som Valdresbanen er i ferd med å skulle få denne banen opp for transport på ny, så er det fordi at det har kome forslag om å knyte i hop Gjøvik-banen og Dovrebanen med ei evt. ny kombi- veg/bane- bru ved Moelv.

Når det gjeld å løyse klimaproblema for godstransporten, så representerer jo den nærmare 50 prosent av alle klimautsleppa her i landet, der personbilparken har også lett fallande CO2 utslepp pga. alle EL-bilane som kjem på banen. Så når det gjeld at nordmenn har dobbelt så store utslepp av CO2 som ein svenske, så kjem det av at 80 prosent av alt gods blir transportert på veg her i landet, med hitil berre 5 prosent frakta på bane, så blir det så fullstendig steingalt å legge ned jernbanestrekningar, når ein også har vedteke å bygge Nord-Norge-Banen.

For dette blir ikkje fremma av anna enn reaksjonære politikkarar i ei tid, der klimaproblema skal ha største fokuset. For poenget mitt er at dette blir eit vedtak som blir omgjort når folk begynner å forstå kva som skjer, når lastebilar ikkje skal kunne frakte gods meir enn 25 mil før, det må over til bane. Det er dette som no er i ferd med å skje ved at initiativ for at Valdres-banen og delvis Numedals-banen skal bli restaurert på ny.

For når det gjeld Namsos-banen, så har vi ei samanlikning i kostnadane for veganlegget Fjerdingen- Namsskogan kommunegrense, som ei restaurering av banen vil koste. Som kjent vart det jo brukt 1 milliard kroner på bru og vegombygginga i Namsos for vel 10 år sidan. Problemet hos folk flest er at dei er ikkje oppdatert om kor galt klimautviklinga er i ferd med å gå, ved den tørken som no har utvikla seg til at matprisane internasjonalt har auka med 40 prosent i den siste tida. Og er i ferd med å føre verda ut i ei større krise enn det koronaen hittil har ført til.

Les også

Tiden er inne for å innse at siste tog er gått, og heller se på hvilke muligheter traseen gir

Kommentarer til denne saken