Vi har akkurat gått ut av sommartida og inn i hausten, sjølve kjernetida for å konsumere kultur. Både Carl Frode Tiller og Karl Ove Knausgård har skrive nye romanar, teatera har innrømt kvinner pensjon og opna scena igjen, Noreg kan kanskje ganske sikkert vinne Oscar og vi har fått ein nydelig, ny kulturminister som poserer framfor Johs. Rian-biletet på kontoret sitt og lovar å styrke kunstnarøkonomien så vi også har noko å sjå, høyre og lese på neste haust.

Eg vaks opp i ein møblert heim. I alle fall om ein reknar bokhyller som møbler og gir statuspoeng per hyllemeter med bøker. Og eg var kanskje ein unormal unge der eg las klassikarane på ungdomsskolen, skreiv særoppgåve om Isabell Allende i niande og hadde med «Den store lyrikkboken» til sengs. Eg grein meg i søvn av Sigbjørn Obstfelder og las så mykje Karin Boye at eg vart mildt deprimert fordi eg ikkje kunne bli poet på det einaste skandinaviske språket som eigna seg for poesi. Det var før eg møtte ein sjarmerande svenske på Storsjöyran, som hevda at nynorsk likna på svensk. Kjærleik er jo nesten det same som kärlek.

Etter eigen definisjon er heimen min fortsatt møblert, litt for mykje, ifølge grimasane til arkitekten og dei som nettopp hjelpte meg og familien å flytte. Eg har ikkje gitt opp litteraturen. Eg les fortsatt over hundre bøker i året, har hovudfag i litteraturvitskap og sit i juryen for Sørlandets litteraturpris. Men eitt møbel har likevel blitt langt viktigare for mi kulturelle utvikling dei siste åra enn før: Skjermen.

Eg ser tv-seriar. Ofte. Det hender til og med at eg bingar, altså ser mange episodar etter kvarandre, gjerne fleire dagar etter kvarandre, til eg har sett alle saman. Det kjennest litt uskikkelig, som når eg drikk vin på ein måndag eller blir heime med sjokoladekake i staden for å gå på trening. Men er det eigentleg så usunt for meg?

Nei, det kan heller vere motsett, seier psykolog Bjarne Øverland til NRK. Det er for eksempel bra for psyken å kome vekk frå den harde kvardagen innimellom. Dessutan er det bra trening å sette seg inn i andre sine kjensler, slik ein gjerne gjer når ein ser tv-seriar.

Det første kan eg kjenne meg igjen i. Utan tv-seriar hadde nok ikkje eg overlevd koronanedstenginga. Tidleg i perioden såg for eksempel eg og mannen hele «Downton Abbey». Det er noko eiget med å gå inn i ei verd full av butlarar, viktorianske atrium og yorkshire pudding når du er innesperra på ei sørlandsøy med fire kilometer radius. Seinare såg vi «Unorthodox», som sende oss i det fascinerande livet til ortodokse jødar i Brooklyn, New York, mens vår fysiske omgangskrins var redusert til eit minimum. Så såg vi «The Stand». Og her er er ein huskelapp til meg sjølv: Når du er litt deppa fordi det er pandemi, så hjelper det ikkje å sjå ein tv-serie som handlar om ein enno verre pandemi.

Utviklande er eg likevel einig i at tv-seriar kan vere. Det siste året har eg sett fleire slike. Den amerikanske serien «Maid» er eit viktig knyttneveslag i magen på alle oss som trur det er lett å kome unna fattigdom og mishandling, ein dysfunksjonell oppvekst og lav sosial status i eit samfunn prega av auka forskjellar og manglande sosiale rettigheiter. Det treng vi alle å vite og å bli minna på, på vegne av vanvitig mange som vi ikkje ser til daglig, og eg er sikker på at denne personlige historia verkar betre enn statistikk.

Eg skjøna at noko bra i gjerde då Alexander Skarsgård vart eten av ein alligator i første episode av «On becoming a God in Central Florida», slik han også burde ha blitt i «The Stand». Og gjennom det miserable livet til Kirsten Dunst i form av ein seljar av eit Herbalife-liknande homeparty-produkt anno 1992, klarte serien å vise kapitalismens feil og manglar betre enn Thomas Piketty.

For tida ser eg den franske tv-serien «Mixte», eller «Voltaire Vidaregåande», som Amazon Prime kallar han. Det eg trudde skulle vere ein lettbeint serie om korleis det går når ein skole opna for blanda klassar med hormonelle jenter og gutar i 60-tallets Frankrike, viste seg å vere ein djupt innsiktsfull serie om kjønn, seksualitet og personlig utvikling, som er relevant sjølv i dag.

Vi må slutte å tru at fiksjon er annanrangs berre fordi han er på tv. Det er lenge sidan tv-seriar var ei samling billige poeng, mekanisk levert av billige B-skodespelarar, akkompagnert av ferdiginnspela latter. Eller skjematiske såpeseriar i femten sesongar, kor ingen episode er over før minst ein av karakterane har kome tilbake frå dei døde, oppdaga eit uekte born, gått inn i koma og blitt forelska i søstera si. No er tv-seriar skrivne av like gode forfattarar som Knausgård og Tiller, og gir rom for skodespelarar av tilsvarande kvalitet. Dei er studiar i framifrå dramaturgi og karakterutvikling og har noko å lære dei fleste av oss. Ein bonus er det også at dei når ut til uendeleg mange på tvers av bakgrunn, oppvekst og interesser elles. Skjermen er eit møbel dei fleste av oss har.

Det er mulig kärleken er bra på papiret. Men han er ikkje så verst på skjerm heller. Lat meg derfor gi deg eit råd som burde varme ein mørk haustdag: Skru på tv-en. Omfamn strømmekanalane. Finn noko som passar for deg.

Og binsj i veg.