Gå til sidens hovedinnhold

Kristian Lona til minne

Minneord

«Kristian Lona har heile sitt liv budd på heimegarden i Lona på Kongsmoen. Men han har alltid sett vidare utover. Og han har visst å formulera seg om det han såg».

Slik hugsar eg at eg innleia eit intervju med Kristian i Naumdøla Jul for fem – seks år sidan.

Etter det budde han rett nok ei tid på sjukeheimen på Høylandet. Men også om vi såg innom han der, så hadde han ein og annan kommentar til det som skjedde i samfunnet omkring – gjerne med litt snert og ein glimt i auga, heilt til det siste.

Kristian dreiv gravemaskinsfirma og knusverk med utgangspunkt på Kongsmoen. På det meste hadde han 20 mann i arbeid, med oppdrag innanfor vegbygging frå Saltfjellet i nord til Stavanger i sør.

Likevel hadde han tid til ein utruleg stor innsats innanfor lokalpolitikk og ei rekkje frivillige organisasjonar. Vi i Naumdøla Mållag var av dei heldige som nytte godt av Kristian si interesse og den store arbeidskapasiteten hans. I 12 år var han fylkesleiar i mållaget, og han jobba blant anna med den vanskelige avviklinga av hotellet i Namsos. Han brukte nynorsk i alle samanhengar. Og han har mellom anna etterlate seg både dikt og ein velskriven sjølvbiografi, der han fortel om oppveksten på Kongmoen. Det å ta vare på historia var viktig for Kristian.

Men musikken var kanskje det viktigaste. Han spelte gitar, trekkspel, piano og horn. Og han dirigerte songkor, mens det fanst på Kongsmoen.

Og så var det idretten, som også fekk glede av Kristian. Han kom seg ikkje så langt på konkurransar i unge år. Men seinare såg han det som utruleg viktig å sørga for at eigne ungar og naboungar kom seg på trening – og på musikkøving.

Frå dei siste aktive åra hans i lokalpolitikken minnest eg mest dei fine kulturkveldane han fekk i stand rundt om i Høylandet kommune. Kongsmoen var alltid det viktigaste for Kristian.

Men han sørgde no for at også resten av kommunen fekk del i kulturen – også vi i Vassbotna!

Når eg spurde Kristian korleis han fekk tid til alt han dreiv med, så peika han alltid på at Anna tok seg av alt heime på garden. Det var også ho som heldt styr på rekneskapen til firmaet.

Dei to fekk også bu saman på sjukeheimen ein del av den siste tida.

Vi er takksame for Kristian Lona sin innsats. Og vi skal prøva å driva vidare i hans ånd, så godt vi kan, vi som er att!

Kommentarer til denne saken