Ein dagen her så følgde eg rådet frå eit vennepar om å ta turen innom Prestegårdsmuseet på Kolvereid.

Det vart ei storhending i kvardagen.

Her var bilda og annan kunst på alle veggar, og så kom der ein høgreist, litt eldre mann i mørk frakk.

Han stod fram så åpenbert ærleg i alt han sa, og trass i at han fortalte mykje om seg sjøl, så var det kunsten han hadde samla som skulle lysast opp, hans eigen person låg litt i skyggen, på eit vis, med som ein blåmørk bakgrunn, utan at det fekk ta over det han fortalte.

Med ein usminka bindalsdialekt kom budskapet hans ut til oss som såg og høyrde, så beintfram og lett forståeleg det kunne bli, likevel med sine underfundige små pek, som eit lett dryss av krydder over ein tallerken prat om kunst og folk og historie.

Eg knipsa nokre bilda i all hast, og eitt av dei vart for meg ei slags oppsummering av det eg har sagt til no.

Ein ekstra bonus no i disse dagar er at eit eige rom i samlinga er fylt av særskilt vellykka akvarellar av våres kjente illustratør Knut Høihjelle.

Om du skulle vera i området Kolvereid og ha ei viss interesse for kunst og formidling, så sjå innom Prestegårdsmuseet ein dag når sjølvaste foredragshaldaren Magne Olav Aarsand Brevik er til stades.

Du vil ikkje angra, det kan eg garantera deg.