Gå til sidens hovedinnhold

Kven bør eiga skogen?

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

(Trønderdebatt)

Det er fleire typar skogeigarar. Type A: Zedrich Plycj JR, som bor i Bærum, og har sin slipsbutikk på Aker Brygge . Men så har Man erhvervet en deilig eiendom på landet. Der man avvirker med de største maskiner og investerer profitten i abstrakte malerier. Man oppholder seg der opp bare i rypejakten, harejakten og elgjakten, sammen med forretningforbindelser og venner. Om aftenen sitter man foran peisen og nyder edle dråper medbringt fra samlingen. Forholdene er lyserøde, hadde det bare ikke vert for den hersens avfolkningskommunen som krever alskens avgifter, men nekter å vedlikeholde adkomstvegen til VÅR eiendom.

Type B: Peder Ås, som bur i bygda på eiendomen sin og arbeider noe i egen skog, betaler skatt og avgifter til kommunen. Inntekta av skogbruket er ein del av levegrunnlaget. Han representerer Sp i kommunestyret og er formann i langrennsgruppa i idrettslaget. Han driv elgjakt saman med naboane i grenda og syng bas i songkoret. Kona er sjukepleiar og arbeider i kommunen. Ho er oppmann i handballaget og instruktør i 4H og er aktør i revygruppa. Ungane går på skole i bygda. Dei blir kjørt til aktivitet fleire gonger for veka. Foreldra driv Pensjonistlaget og Saniteten.

Dette er kanskje ytterpunkta.

Høyre mein det ikkje er så nøye kven som eig skogen, når han ikkje kan flyttast. Kanskje for produksjonsemna, men neppe for lokalsamfunnet. Ein ungdom i FRP trur ikkje det er mulig å ta sjangsen på planting og kulturarbeid etter hogst, dersom ein ikkje kan selga eiendomen til høgst mulig pris. Kultur er påbudt, og det er forlengst innført ordningar med skogavgift og tilskot og tilsyn.

På Namsskogan er dei sikkert spent på skatteinngangen etter den røvarhandelen i Øvernamdalen. Som privatmann\ enkelpersonforetak hadde han vorti skattlagt av stat og kommune av overskot på eiendomshandelen. Medrekna trygdeavgift og trinnskatt opp mot 50 %. For aksjeselskap er det ikkje nødvendigvis salg av grunneiendom, men aksjehandel og skattesatsen er 22%. Det er ikkje sjølsagt at det blir kommuneskatt til den kommunen grunneiendomen ligg. Heller ikkje formuesskatt. Utanlandske eigarar betalar ikkje formuesskatt verken til Namsskogan eller andre. Med slike kjøpesummar som her, skal det ikkje mykje rentebelastning til, før det ikkje blir skattbart overskot av skogsdrift. I alle fall må tømmerprisen fleirdoblast.

Kommentarer til denne saken