Snauhogst gir klimaproblemer og sårbar skog

Skog som klimafaktor

  Foto: Erlend Malmo

Meninger

Skogen skaper sitt eige klima – og næring den sjøl treng. På landjorda byggjer også skogen med sitt artsmangfald opp levevilkår både klimatisk og næringsmessig, for planter, dyr, insekt og menneske. For meg er det derfor uforståeleg at vi sist på 50-talet fullstendig forandra oppfatning om korleis vi skulle drive skogbruk, – frå haustingsskogbruk, eller bledning som det blei kalla om vi også tok hensyn til den faglege måten skogen sjøl hadde bygd opp sitt eige livsgrunnlag for seg sjølv og alt liv rundt seg. Det kallar vi suksesjon. I følgje Ola Børset, professor i skogskjøtsel på Norges landbrukshøgskole i si tid, tok denne suksesjonsperioden 3.000 år frå klimaet blei kaldare i yngre bronsealder til vi fikk den tresammansetningen vi har i dag. Da kom den norske gråna inn i vår skogfauna.

På 50-talet tok det moderne kulturskogbruket til med 50 meters breie snauhogde striper med monokulturar av grån frå fjellet og ned til lågaste punkt i skogområdet. Lauvskogen blei vår første og største fiende, bekjempa både mekanisk og kjemisk. På 60-talet fortsatte galskapen med å avskoge også desse 150 til 200 meters mellomstripene med naturskog og planta til med grån, eller i få tilfeller med furu på skrinnere mark. Skoggrensa frå 1932 blei fullstendig neglisjert. Store snaulagte skogområder ga etter kvart problem for ny skog til å etablere seg. Utover 70 og 80-talet begynte også aukande klimaskadar å kome til syne på kulturskog som hadde klart å etablere seg. På avstand kunne denne ungskogen for et ukyndig auge sjå frisk, frodig og vekstvital ut. Dette ga store moglegheiter til å overbevise min foreldre- og besteforeldregenerasjon på 50-talet som ofte var svert skeptisk til det moderne kulturskogbruket.

I dag kjem problemene stadig meir til syne for alle med eit nokon lunde normalt gangsyn. Barmassetap, modningsproblem, barkbrann, soppangrep, osv. Store snaulagt skogområder med også klimaskadd kulturskog, gjer skogområdene langt meir sårbar for skogbrannar i varme og tørre periodar. Store snaulagte områdar tørkar ut luftfuktigheit og aukar vindhastigheiet. Den trekker kaldare luft ned frå snaufjellet og aukar problemet med frostskader. Vi får større temperatursvingningar frå skiftningar av årstider og mellom dag og natt, – i områder der vekststabil og dampande skog blir borte. Myr og sumpområder blir grøfta ut av både jordbruk og skogbruk og øydelegg magasiner for vann, fuktigheit og fordapning i naturen. Det aukar fare for flomskadar i sterke nedbørsperiodar, og tørkeskadar i tørre og varme periodar. Klimaproblem aukar med avstand frå havet og i stigane høgd opp mot snaufjellet.

Dei som går i slike områder vil allereie i dag kunne sjå problem med etablering av ny skog i både naturskog og kulturskog, – og barmasse som tørkar ut både i 50-talets monokulturar og i yngre kulturskog. I uttørka og dau barmasse som er rydd av og ligg på bakken, skal det lite til av fuktigheit frå luft eller jord for at den ikkje er brennbar, men det som enda heng att på kvisten brenn omtrent som krutt og bør helst ikkje kome halvnær ei fyrstikk eller ein gnist av noko slag.

Så seint som på 60-talet hadde vi ofte 15–20 årgangar med grøn barmasse i vekstvital skog i både naturskog og kulturskog. Vital og dampande skog avgjer også fuktigheit til høgare luftlag og dett etter kvart ned som regn i meire normale mengder. I dag er det berre 3–4 årgangar att, og desse årgangane er til og med svekka av før nevnte klimaskadar. Alt dette er eit resultat moderne kulturskogbruk, spesielt i klimamarginale fjellskogområder. Alle som tvilar, kan ta med seg ein forstpatalog (skogdoktor) for å høyre om han er villig til påstå at undertegna lyg eller ovedriv. At desse former for klimaendringer og skadar i våre skogområder er skapt av oss menneske, er det truleg liten grunn til å diskutere.