TILSVAR

Vi treng alle heimearbeidande mødre

MENING
Meninger

«KrF svikter arbeidslinja» står det skrive på leiarplass i NA tirsdag 4. des.

Og lenger nede står det: «Summen av KrFs politikk betyr flere hjemmeværende småbarnsmødre»

For det fyrste: «Hjemmeværende» bør heller «oversetjast» til HJEMMEARBEIDENDE. Ei mor har ingen 8-4 jobb. Det er ofte natt-skift! Ofte også tidleg-vakt og i det heile: døgnvakt! Ei mor har svært mange «yrker» som mor: Ho er kokk, reinhaldsarbeidar, servitør, meklar, sjukepleiar,lærar, psykolog, samtalepartnar, innkjøps-sjef m.m.

Samtidig er ho den som ER der for borna – både før, og etter dei tek til på skulen.

Så ein må spørja: Er det til skade for borna at mor er heime?? Er det til skade for samfunnet?? Er det til skade for mor sjølv? MÅ alle mødre ut av heimen for å arbeida i tillegg til alt som ho må ta seg av i heimen?

Ei mor burde heller fått belønning for at ho er heime – i staden for at stillinga som «hjemmeværende» får så negativ omtale.

Takk til alle mødre som er heime og tek seg av borna sine! Me treng alle heimearbeidande mødre! Og me treng politikarar som lyfter fram mors-rollen i heimen!