Lakseveg til jernbane

Meninger

Rådmann Svein Helland i Grong gjekk i NA på fredag 1. mars inn for å legge ned Namsos-banen. Mon tru om Namsos kommune er like interessert i det?

For med det skiftet ein må forvente for godstransport i framtida, der det blir krav om 40% reduksjon av CO2 i det komande tiåret, så er det ingen veg utanom at det meste av laksetransporten og langtransporten som er på over 10 til 15 mil, må over på godstog. Det er jo for lengst tilfelle med all den fisketransporten som skjer frå Narvik til Bryssel. Likeeins den som går gjennom Sverige til Gardermoen.

Og når det som pregar det «grønne skiftet» er at all elektronikk er så veldig avhengig av metallet koppar. Det finn ein både i Grong og Røyrvik, som det kan bli aktuelt med ei drift dei komande tiåra Samt at ein finn ei rad andre metall. Grong og Namsskogan har jo hittil gått for at Namsosbanen bør opprustast, fordi det blir kva som finst i fjella våre, som blir viktig når vi ser at oljealderen går mot ei reel nedfasing. Og samtidig blir det langt mindre aktuelt at økonomien vår blir basert så mykje på olje, når også Ap. har begynt ei av å satse på ei gradvis nedfasing.

Det som er aktuelt er at jo at også ei satsing på ein «Lakseveg» bør ta omsyn til dette, der strategiske grep ikkje bør hindre at andre delar av Namdalen sitt næringsliv får løyst sine transportar reint klimamessig. For det er jo ei samordning av dette, som her blir den beste løysinga. Noko det er framheva også på Innherred, for kor viktig Namdalstinget har vorti for at Namdalen, ved å opptre med samla løysingar. Også Namsos-ordføraren har jo markert seg for å stå bak dette tidlegare når det gjaldt kraft-pengane vedr. NTE.

Når det no skjer ei utgreiing om å vidareføre Nord-Norgesbanen til Tromsø, fordi også kapasiteten på Ofotbanen vil bli sprengt når malmtransporten skal aukast med nær 100%. Så betyr det at langt større transportmengder vil gå på Nordlandsbanen. Og i den siste tida har godstransporten frå Mo og Mosjøen auka med rundt 30 prosent.

Så når Cargo-nett har planar om å gå over frå å drifte lokomotiva til hydrogen i staden for dieselolje, så betyr det at Namdalspolitikarar som vil tenke transportløysingar langsiktig i Namdalen, bør orientere seg i den retninga som nordlendingane har gjort. Det kan også gi ei betre transportløysing for tømmeret som Van Severen kjøper på Helgeland.

For også eit av hovudpoenga er at ei nedlegging, er kanskje nærmast håplaus å få gjort, når det også i kontraktane for grunnervervet av Namsos-banen vart gjort på i si tid, så skal grunnen tilbakeførast til den stand den i si tid hadde. For dette vil kunne bety at det ikkje vil bli så stor skilnad på ei oppgradering, kontra det å legge ned banen.

Og rådmannen bør merke seg at med det fokus som klimaspørmålet er i ferd med å få hos dagens ungdom, så vil han vel helst ikkje få noko godt ettermæle, når han no nærmar seg pensjonsalderen. For han burde også ha merka seg at TINE er i ferd med å ta klimautsleppa frå inntransporten av mjølk på alvor. Men det er basert på at dei har skaffa seg ein samarbeidspartnar i Norske Skog på Skogn.

Så å basere seg på at lakse-trailarar skal frakte laksen heile vegen til kontinentet, er det vel helst berre frå Sør-Vestlandet ein kan basere seg på i framtida. For det er jo dette som framtida vil kalle for utopien, sjølv om godstranporten på jernbane til no, har hatt store problem med at den underbydinga som sabotasje-transportørane har representert. Og i alle fall områda som har vintervegar, er denne transporten i ferd med å måtte fase ned, etterkvart som jernbanen blir i stand til handtere stadig meire gods.

Elles så er det jo ein enorm vekst i passasjertransporten med tog her i landet. For siste år løyste jo over 70 mill. passasjerar billett, som er forventa å vekse til 160 mill. om 30 år. Også namdalspolitikarane bør forhalde seg til at det blir tog som i framtida tek dei aukande voluma på godstransport og passasjertransport i det langstrakte landet vårt. For når også USA har nærmare 40 prosent av godset på bane, så har vi langt på veg dei same vilkåra transportmessig. For det handlar om kva som no blir prioritert når det gjeld transporten, klima og miljømessig frå heile namdalsområdet.

For her kan det bli gjort store feil dersom Grong-rådmannen meiner at ein ikkje skal kunne samordne dette med dei øvrige namdalskommunane. I så måte har Grong eit litt frynsete rykte allerede.