Namsosbanens Venner: Umusikalsk av Sp

Sp og klima: Magne Rønning i Namsosbanens Vennner mener at Senterpartiet i Overhalla møter seg i døra i klimaspørsmål. Et eksempel på det, er at de vil legge med Namsosbanen.  Foto: BJØRN TORE NESS

Industrien på Skogmo vil vel ha eit langt større problem med å overleve på lang sikt, utan å ha ei framtidig klimamessig riktig transportløysing.

Meninger

Dei aksjonane som det lokale Senterpartiet i Overhalla har drive for å få til ei offisiell nedlegging av Namsos-banen før Sp landsmøtet, er vel sterkt tona ned etter Sp sitt landsmøte, sjølv om Grong Sp vart med på å ville legge ned banen.

Den sentrale leiinga såg at Senterpartiet var i ferd med å ende som eit populistparti når det gjaldt å bli tatt for ein useriøs klimapolitikk, for alt av lokalt næringsliv vil jo bli avhengig av ein lokal jernbanestrekning på ny, når Klimaavtalen tek til å fungere. Og partiet har jo vedteke, det som stod under punkt 6: «Sørge for et bedre togtilbud lokalt og regionalt og som bidrar til å knytte regionene sammen». Og under punkt 7: «Bygge flere kryssingsspor og oppgradere terminaler for å få mer gods fra vei til jernbane».


Lokal uenighet rundt Namsosbanens framtid

Det er ulikt syn på om Namsosbanen skal legges ned eller om det skal gjennomføres ei konsekvensutredning før jernbanelinjas framtid avgjøres.

 

Men i sjølvaste Sp-land der partiet har over det halve av representantane i kommunestyret, må partiet begynne å tenke over kva Namsos ønsker å gjere for å posisjonere nabokommunen. For dette har fått litt preg av det same, som namnestriden om Hunn eller Skage.

Når sjølvaste Ola Borten Mo i ettertid har justert tonen, der han no avleiar klimadiskusjonen med ein diskusjon om behovet for å ta mindre av artsvernet med «klassisk vern» og meire med «bærekraftig bruk» av naturen, så er det jo for å styrke sitt truverde. For landbruk har jo handla svært så mykje om å ta vare på artsvernet, der Åslaug Haga no er sjef for Frølageret på Svalbard, og det er for å kunne takle det veret og klimaendringane som vil framtida vil gi oss vedr. matproduksjonen.

Når dagens regjering, i alle fall på papiret, har vald å overoppfylle klimaavtalen til 45 prosent reduksjon i 2029 i høve til utgangspunktet. Så hadde Sp endt opp med å skaffe seg eit truverdighetsproblem, om sentrale Sp hadde følgd opp ei slik line. Og ville ha blitt gjort til latter reint politisk pga. sitt nedleggingsforslag av Namsos-banen. For dette var så umusikalsk som det kunne bli reint politisk, når det i Aftenposten blir opplyst at for godstransporten, så skal jernbanen ha ein andel på 66 prosent av den landbaserte transportmengda i 2029.

Her var det nok ein grunneigarstand, som såg for seg at samfunnet ville bruke kanskje 100 mill. kroner til ei utplanering av traseen for Namsos-banen og det i ei tid som vil trenge han på ny.


Grong etterlyser konsekvensutredning

Formannskapet i Grong mener at en må se på mulighetene for framtidig bruk av Namsosbanen i næringssammenheng.

 

Aftenposten seier at vi er nødt til få ei svært kraftig omprioritering frå veg til bane. Og det vil bety kvar samfunnsmidlane vil måtte bli sett inn allerede neste år i 2020. Formannskapet i Grong kommune har sagt nei til ei nedlegging, medan det er Overhalla som pressar på for ei nedlegging, av omsyn å få frigjort eit område for yttarlegare ekspansjon på industri-området på Skogmo.

Men det er vel ein viss fare for at det er lokale transportfirma, som på dette viset prøver seg på å tvinge fram ei nedlegging, som er ute etter dette arealet. Det kan jo vere lett å tru at det kan bli lettare å overleve, om Namsos-banen skulle offisielt bli lagt ned. Men med den privatiseringa som no skjer på togdrift, så bør dei vel i staden alliere seg å ta utfordringa om å «kome på banen» for å kjøre på jernhjul i staden for gummihjul, der det kan bli både minimalt med mikroplast-forureining og klimautslepp for langtransporten.

Når dagens regjering har ei målsetting om å overoppfylle Klimaavtalen, så er det sjølvsagt at det er pga. vår rolle som oljenasjon. Industrien på Skogmo vil vel ha eit langt større problem med å overleve på lang sikt, utan å ha ei framtidig klimamessig riktig transportløysing.

Overhalla som reklamerer med å vere ein kommune som tek miljøet på alvor, vil jo ikkje bli like truverdige på denne saka, når vi ser at skoleelevar i også Trøndelag, driv med sine ulovlege klimaaksjonar, der dei ikkje ser ei framtid utan ei omlegging av klimapolitikken. Og det er på dette området, at sentrale Sp-folk såg at dei var i ferd med å blamere seg politisk. Noko sjølvsagt Åslaug Haga ser som den realpolitikaren ho er, der partiet ikkje har hatt ein god nok klimapolitikk, for godstranporten er definert til å ha dei største klimautsleppa, når El-bilane som no blir selde er i ferd med å kome opp i 30 prosent av totalsalet.


Skogmo Industripark positive til nedleggelse av Namsosbanen

Banen hindrer videre vekst

Skogmo industripark ønsker å utvide og satse på grønn industriutvikling, men Namsosbanen hindrer dem i å gjøre det.

 

Den siste hendinga der cruiseskipet Viking Sky og andre farty kom ut i store problem på Hustadvika nyleg, viser at vi no må ta ei avgjer om å bygge Nord-Norges Banen til Tromsø.

For mest uansett kva ver vi får i framtida, så må det til ein jernbane som får fram godset i rett tid. For det den amerikanske jernbanen har vist, er at med dei langt større godstoga som der finst, er dei nede på kostnad som ved båtfrakt. For også dei godstoga som no går på Nordlandsbanen er blant dei største i landet, så togfrakt er no å rett veg.