F(l)y-skam over oljebonanzaen

Meninger


Norske politikarar har tydelegvis ikkje forstått korleis det har gått til at klima og miljø er så på folks dagsorden for tida. For det er jo no folket ser at dagens politikkarar knapt har brydd seg om å få til ei reel klimamessig bærekraftig utvikling, etter som kvar nordmann bidreg med i snitt med 10 tonn utslepp av klimagassen CO2 per år, når svenskane er på det halve For dette kan dei berre takke seg sjølve for, når dei sveltefora det å ta jernbane-investeringane på eit langt tidlegare tidspunkt. For da oljefondet tok til å få store avkastningar på 90 talet, så burde dei ha kome skikkeleg i gang, med å bygge både Nord-Norgebanen og tatt utbyggingane av resten av jernbanenettet for å unngå at flytrafikken vaks til eit så stort og problematisk niva. TV diskusjonen som Solvang så dyktig på, fekk jo fram dette. For sjølv Trygve Slagsvold Vedum som kom med sitt svar om elektriske fly, vart jo parkert utan truverde, når flyprodusenten Air-bus kunne produsere berre 30 El-småfly fram til året 2030. Men også ei lite konstruktiv miljørørsle burde jo også ta ein større sjølvkritikk, fordi det er jo å sette ned forbruket av olje som jernbanen kunne ha bidrege med. Men i staden har dei berre drive med eit overfokus på rovdyra, når det er klimautviklinga som bidreg til at det er flest artar som døyr ut pga. dette. Og det er å få ei endring ved at samfunnet etterspør mindre olje, som er den mest effektive metoden til å få ned klimautsleppa på. Men denne gjengen som har rovdyr som religions-erstatning, er jo ikkje i stand til tenke i logiske banar. For det som er med denne dagsorden er at den har berre hatt eit mål og det er å få fjerna så mange primærnærings brukarar av naturen som råd.

For også med den mostanden som det no har blitt også mot vindmøllebygginga på Fosenhalvøya, har det oppstått klinsj mellom klimaspørmålet på den eine sida og det å ta vare på artsmangfaldet/kulturlandskapet på den andre sida. Men politikarane har jo også vori for opptatte med å sikre enda meir oljeutbygging, enda dei no burde sjå at teknologien er i ferd med å favorisere ei heilt ny utvikling. Oljealderen er i ferd med å bli gradvis nedtrappa, sjølv om det er vanskeleg å bli heilt uavhengig av olje. For det som er med den nye utviklinga innan teknologien er at ressursforbruket går stadig nedover, noko som har ei nedre grense for den oljebaserte teknologien. Dei ungdomane som no er ute og demonstrerer som Greta Thunberg, er no i ferd med å parkere «gamlissane» som erkekonservative på svært kort tid framover. Så ein 2 tonn tung bil kan bli vanskeleg å selje på sikt. Likeeins så har fokuset på jernbane blitt så stort som det ikkje har vori på lenge, så no bør dei som skal legge ned jernbanar tenke seg om. For folk har endeleg forstått at det uansett nesten blir uframkomeleg på vegane dersom der ikkje blir satsa på å bygge ut jernbanen og samtidig rette den ut, så den kan ta over det meste av innanlands flytrafikk,, når godstranporten blir fordobla dei neste 30 åra. Så i staden for å halde fram med å bygge motorvegar før jernbane, så burde dei lage kombinerte prosjekt, som gjer at i alle fall godstransporten blir pensa i så stor grad som mogleg over til jernbanen. For paradokset med at nær 50% av nybilsalet er El-bilar, gjer at no er det godstransporten på lastebil som er under kraftig press, fordi det er berre jernbanen som er i stand i til å levere varer «just in time», noko som lastebilen tidlegare medførte. Og båt har ikkje denne fleksibilitetet til å kunne levere varer kvar dag, som dagens butikkar krev. Så lastebilen bør få berre den siste biten av distribusjonen, som også Lastebileierforbundet har gått inn for nyleg pga. den omfattande kabotasjen av utanlandske trailarar.