Tidlligere rektor ved Nesna svarer rektor

Svar til rektor, Nord universitet

Meninger


Konstituert rektor ved Nord universitet, Hanne Solheim Hansen (HSH) har ein artikkel der ho argumenterer for sitt forslag om konsentrasjon av utdanningar og fagpersonale til Bodø og Levanger og som resultat av dette, nedlegging av all aktivitet på Nesna og i Sandnessjøen. Er eit slikt forslag i tråd med universitetet sitt samfunnsoppdrag og er det i tråd med den fusjonsavtalen som Nord universitet er eit resultat av?



”Rapporten om studiestedsstrukturen handler både om å se inn i framtiden, og om å svare på de endringene som allereie har skjedd i universitets- og høgskolesektoren”, seier HSH. Det kunne jo vore interessant for oss andre å få vite kva slags glaskule rektor har sett inn i. Som representant for akademia, er det eit sterkt krav om å ha grundig kjeldetilvisning. Heller ikkje når det gjeld kva for endringar innafor universitets- og høgskolesektoren ho viser til, er det noko konkrete referansar. Det hadde ikkje vore unaturleg at rektor hadde vist til det som står i fusjonsavtalen om at dei institusjonane som gjekk inn i fusjonen, skulle vidareførast og vidareutviklast. Kva slags svar har rektor på denne endringa av universitets- og høgskolestrukturen? Hennar svar er nedlegging av Nesna og Sandnessjøen. Dette trass i at noverande statsråd Iselin Nybø har sendt brev til styret for Nord universitet og sterkt understreka at Nord universitet må greie å ha to tankar i hovudet samtidig, nemleg både styrke forskinga og ta ansvar for profesjonsutdanningane som dei ulike regionane etterspør.

HSH underviser oss i det faktum at krav til utdanningsinstitusjonane er endra når det gjeld undervisning og forsking. Endring av krava til undervisning og forsking, er ikkje noko nytt. Sidan det vart starta opp lærarutdanning på Nesna i 1918, har det kontinuerleg skjedd endringar når det gjeld kompetansekrav for dei tilsette og til innhald og organisering av utdanningane. Å ta tak i slike utfordringar er ei av hovudoppgåvene til dei høgare utdanningsinstitusjonane. Samanlikna med dei krava som vart stilt til høgskolesektoren gjennom universitets- og høgskolereforma i 1994, så vil eg hevde at dei endringane vi opplever i dag på ingen måte er meir omfattande. Snare tvert imot. Men ei slik dramatisering passar inn i HSH si forteljing om at skal Nord universitet klare desse utfordringane, så må dei samle fagmiljøa i Bodø og Levanger. ”Forslaget innebærer ikke redusert antall studieplasser, men at utdanning og forsking vil skje på færre plasser og på andre måter.”, seier HSH og gjer det dermed klart at målsettinga og grunngjevinga for fusjonsprosessen har ho lagt bort.

HSH argumenterer iherdig for at det ikkje er mogleg for Nord universitet å innfri krava om å vere eit kvalifisert universitet, utan å legge ned ei rekke av dei studiestadane som for berre to til tre år sidan, var nødvendige for å etablere Nord universitet. At dette er eit løftebrot, nemner ho ikkje med eit ord. Ho greier til og med å argumentere for at dette må gjerast ”for å sikre at Nord universitet kan levere i tråd med nasjonale og regionale forventninger i årene framover.” Heller ikkje her, gir HSH oss noko referansar. Kva slags nasjonale og regionale instansar har gitt uttrykk for forventningar om at Høgskolen i Nesna skal leggast ned? Det kan då ikkje vere mogleg at HSH ikkje har fått med seg dei krava som blir stilt frå både nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, om at det må utdannast fleire lærarar og sjukepleiarar og dette må gjerast på ein slik måte at det fører til rekruttering av slike fagfolk over heile landet og i alle kommunar. Eg viser her til brevet frå statsråd Nybø, meldingar frå ordførarar på Helgeland og vedtak frå eit samrøystes Nordland fylkesting. For grundigare dokumentasjon, viser eg til artikkel av professor ved Nord universitet,Tor Helge Allern, publisert i mellom anna, Helgelands Blad.

I Stortinget sin spørretime onsdag 15.mai, vart statsråd Nybø konfrontert med dei planane som HSH har lagt fram og om nedlegging av profesjonsutdanningar på Nesna, i Sandnessjøen og i Namsos, er i tråd med det samfunnsmandatet som Nord universitet har. Statsråd Nybø svara mellom anna at ho reknar med at alle dei innvendingane som kom fram i Stortinget, og ville komme fram i den høringsrunden som no går føre seg. Statsråden rekna med at styret ville merke seg desse innvendingane og vurdere dei nøye. Statsråden rekna stadig med at styret og Nord universitet ville makte å ha to tankar i hovudet på same tid og dermed klare både å ivareta kvalitet på forskinga og levere lærarar og sjukepleiarar til alle regionane i sitt nedslagsfelt.

Etter å ha høyrd statsråd Nybø si forsikring om at Nord universitet har ansvar for både forsking og profesjonsutdanningane, framstår ei nedlegging av Nesna, Sandnessjøen eller Namsos, som å skyte seg sjølv i foten. Spørsmålet til HSH blir dermed: Vil HSH og styret for Nord universitet vere i stand til å ha to tankar i hovudet, slik statsråd Nybø forventar?