Mikroplasten fordrar jernbanetransport

Meninger

Ein har jo merka seg den uro for kva som ville skje med miljøet til havs med den store mikroplast- forureininga og at dette måtte stansast raskt. Der vart ein del avisredaktørar svært så overraska over kor gale situasjonen var siste vinter. No burde noko til å skje i så måte, men det skjer jo svært så lite, så både politikarane og avisreaktørarar har vel begynt å vegre seg for kostnadane dette vil innebære. For når det er slik at den syntetiske gummien i bildekka kjem frå plast, så er dette eit av dei største forureinsingsproblema i tillegg til klimaendringane vi har. Og dette endar opp med å kome inn i fiskekjøttet på fisken. Riktig nok er den største plastforureinsinga i verda relatert til Stillehavet, Indiske hav, samt i Atlanteren mellom Spania og Mellom-amerika. Men der er ikkje mikroplast-problemet størst enda, fordi dei blir større og større etter kvart som plasten blir nedbroten og viser seg å kome mot nord her i Atlanteren. Så no er meldingar som havforskarane har lagt ut, at frå Trøndelagskysten og sørover er havet no meir forureinsa av mikroplast. Men det blir også sagt av dei at problemet er i ferd med å forflytte seg mot nord og ende opp med mest fare der fiskressursane er størst.

Det er bildekka som trailarane kjører mest på som er største problemet, som betår mest av plastråstoff. I vinterdekk er det som kjent mest naturgummi, som ikkje endar på same måte opp som mikroplast, så det er dei store transportane som skjer med trailarar frå kontinentet som er største problemet. Og svært mykje av mikroplasten kjem frå elvane på kontinentet. Østersjøen er i dag rekna som eit av dei mest forureina havområda i verda, så landa rundt om har litt av kvart å rydde opp i.


Dette har ein fått som følge av at så mykje av gods på jernbane vart ofra på 1990 talet, som følge av dei «4 frihetene» i regi av EU direktiv. I den tida hadde Norge rundt 7% av godset som vart frakta med godstog. I dag er godstransport på bane nede på 2 % i Norge, fordi kabotasje aktørane i så stor grad har overtatt. Så det er berre på Ofotbanen, Nordlandsbanen, Dovrebanen og Bergensbanen at det er meir omfattamde godstransportar og litt på Rørosbanen, fordi dette er klimatiske problem-område å få fram gods i. Og pga. kabotasjen slit Cargo-nett med ei opparbeidd gjeld på 800 mill, fordi at hittil har politikatrane styrt etter EU direktiv ved den øydeleggande utanlandske kabotasjen, der folk også får berre ei minimal lønn å leve av. Og verre skal det bli der asiatiske sjåførar vil bli sette inn.

Slik kan vi ikkje som nasjon lenger halde på, verken vedr lønnsfohold eller dei store klimautsleppa, samt all den ekstra mikroplasten, som endar opp i havet blir oss til del og med inn i både villfisken og truleg også oppdrettslaksen.

Med dagens aksjonar mot stadig meir bompengefinansiering av vegane, så burde ein no nytte høvet til endre alle planane for firefeltsvegar, til trefeltsvegar for å unngå ei framtidig katastofe med fisken og i staden satse på ei omfattande jernbaneutbygging også av lokalbanar, fordi tog med sine jernhjul bidreg ikkje med nokon form for mikroplast eller klimautslepp ved el-drift eller hydrogen.

Når politikarane har planar som handlar om å femdoble fiskeoppdrettet, så ser det ut som dei kjem til å møte seg sjølv i døra, når dei enda ikkje har fått ut fingeren med å få vedtatt ein Nord-Norge Bane, som blir nødvendig, når malmtransporten på Ofotbanen krev all kapasiteteten med 100 % auke i godstransport. Er det noko vi burde bruke dei meir enn 9.000 milliardane frå oljefondet på til så er det få til ein brukbar jernbanetransport her i landet. Men det er vel den oppvaknande klimaungdomen som ser ut til å forstå dette. For min «forsoffa generasjon», har problem med å prioriter det som er viktigast. I staden endar denne genrasjonen opp med å få sjukdomat som kreft frå slike ting som mikropolast, som har ein kraftig auke for tida. For sjøl med all kunnskapsoppbygginga, som finst idag, så ser det ut til logisk tankegang er på tur ut, i min generasjon når det gjeld mikroplast og klima.