Tapsprosjektet politireforma

Meninger


Medan partileiar Støre i Arbeidarpartiet meiner regjeringa har brote forliket om politireforma, har vi i Senterpartiet heilt sidan starten meint at forliket var basert på feil politikk. Ap tilførte noko positivt til det politireformforslaget som regjeringa leverte vinteren 2015, men langt frå nok til å laga ei god politireform. Eg veit og respekterer at Ap meinte dei var med og «tok ansvar» når dei inngjekk dette breie forliket om politireforma i Stortinget i 2015. Likevel bør det å ta ansvar også innebera å prøve å stoppe ufornuftige endringar og massive samanslåingar, ikkje å stemme fram slikt i nasjonalforsamlinga.

No ser vi at det Senterpartiet advarte mot dessverre er resultatet – den såkalla nærpolitireforma har gitt lengre avstandar mellom innbyggjarar og politiet, mindre publikumskontakt og mindre førebyggande politiarbeid. Regjeringa klarer ikkje å levere bevis på at talet på politipatruljar har auka i tråd med målsetnaden deira heller. Alt dette fører til at mange politifolk er frustrerte over manglande høve til å utføre det samfunnsoppdraget som politiet har.

Det er bra Ap endeleg har teke realitetane innover seg, trass i at denne innsikta kom i seinaste laget. Eg håper likevel at det kan medverke til at dei lensmannskontora og politistasjonane som står igjen etter reforma blir styrka etter stortingsvalet i 2021. Dette kan Senterpartiet og Ap stå saman om. Politiet må bli sett i stand til å vera til stades i nærmiljøa, til å skaffe seg lokalkunnskap og førebyggje kriminalitet i tillegg til å vera gode på nettkriminalitet og mykje meir. Moderne teknologi krev nye metodar som politiet også skal ta i bruk, men eit politi som er til stades og som ser og bryr seg om folk blir aldri umoderne eller unyttig.