Møtet med bokhandlerfrua i Namsos:

- Vi bruker ikkje nynorsk i Trøndelag!

Meninger

Eg er ein av dei, som kvart år før jul, kjøper neste års utgåve av den såkalla Almanakken. Det vesle heftet som i hundrevis av år har opplyst det norske folk om sol og måne, planeter, flo og fjære, jakt og fiske osv.

I heile mitt 70-årige liv har eg brukt nynorsk som skriftspråk. Det var det som var hovudmålet på skolen i heimbygda mi, og det språket som står nærast dialekten min. Difor foretrekk eg nynorskutgåva av almanakken. Og eg har i mange år fått kjøpt han både på Levanger og Steinkjer.

Sist fredag, den såkalla blakkfredagen, var vi i Namsos, og min kjære skulle overraske meg med ei lita adventsgåve. Ho gikk derfor på byens bokhandel og spurte etter almanakken på nynorsk. Og dama i disken ser litt nedlatande på ho og seier: « I Trøndelag bruke vi ittj nynorsk!» Etter kvart fikk ho no mumla fram, at det kanskje gikk an å bestille. Min kjære tusla litt slukøra og skuffa ut. Og eg må seie at eg vart både litt forundra, - og kanskje også litt forbanna!

«I Trøndelag bruker vi ikkje nynorsk!» sa bokhandlarfrua i Namsos, byen midt i hjartet av Olav Duuns rike, og også heimbyen til Carl Frode Tiller.

Ho har vonaleg hørt om dei? «Og Naumdøla jul» sel dei. Skriven av lokale nynorskforfattarar frå Namdalen. Men «Almanakk for Noreg»