Statssekretær Atle Hamar:

Rovdyra må forvaltast i samsvar med norsk lov

Vedtak om lisensfelling av ulv må vere i samsvar med internasjonale forpliktingar og norsk lov.

Det stemmer ikkje at det er ei auke i ulvebestanden, slik det blir hevda frå enkelte. Vi har i nokre år ligge over bestandsmålet for ulv, skriverstatssekretær i klima- og miljødepartementet Atle Hamar (V).  Foto: Avisenes Nyhetsbyrå

Meninger

Arne Rørå kritiserer i Namdalsavisa 3. januar 2020 Klima- og miljødepartementet sin tids- og ressursbruk i handsaminga av klagesaka om lisensfellingskvote innanfor ulvesona, og meiner departementet ikkje har evna å forvalte ulven i samsvar med stortingsfleirtalet sine mål og føringar. Vidare hevdar han regjeringa no har vedteke ei auke i ulvebestanden. Dette er påstandar som ikkje har rot i røynda, og er direkte misvisande.

Rovviltnemndene er den statlige rovviltforvaltinga sitt ytste ledd, og deira mandat er å gjennomføre statleg politikk i tråd med Stortingets vedtak og føringar. Dette omfattar ikkje berre rovviltforlika av 2004 og 2011 og fleirtalseinigheta om ulv av 2016, men òg Bernkonvensjonen, naturmangfaldlova og rovviltforskrifta. For å utøve denne myndigheita har politikarane i nemndene eit profesjonelt sekretariat hjå fylkesmannen å støtte seg på.

Det blir derfor for lettvint når Rørå seier ein ikkje kan forvente at nemnda vurderer konkrete tilhøve ved dei ulike revira. Dette er nettopp det nemndene skal bruke sekretariatet sitt til. Departementet bad nemndene i desember 2019 om ei meir konkret grunngjeving for korleis deira vedtak hadde heimel føresegn om offentlige interesser av vesentleg betyding i naturmangfaldlova. Det fekk vi ikkje, trass i at nemndene har eit særs kompetent sekretariat som skal hjelpe til med faktainformasjon og faglige vurderingar i ei slik sakshandsaming.

I tillegg til at vi bad om ei grundigare vurdering frå nemndene, er det mange krevjande tilhøve i denne saka som krev grundige vurderingar og avvegingar. I denne saka har det teke tid og departementet har arbeidd med saka heilt fram til den vart offentleggjort 31. desember 2019. Det har ikkje vore hensikta å råke dei som har førebudd seg på lisensfelling, men omsynet til grundigheit må i dette høve gå føre andre omsyn.

Det er viktig å hugse at ulv er ein freda og kritisk trua art i Noreg. I forvaltninga av ulv er ikkje bestandsmålet det einaste av Stortinget sine vedtak som rovviltnemndene og Klima- og miljødepartementet må forholde seg til i saker om lisensfelling. Bernkonvensjonen og naturmangfaldlova slår fast at felling berre kan skje om bestanden si overleving ikkje vert truga, og at det ikkje finst alternative løysningar. Vidare må felling grunngjevast i enten eit konkret skadepotensiale eller i offentlege interesser av vesentlig betyding.

Prinsippet om ei geografisk differensiert forvaltning tilseier dessutan at ulv skal ha sterkare beskyttelse innanfor ulvesona enn utanfor, og terskelen for å vedta felling skal følgjeleg være høgare innanfor sona enn utanfor. Det blir dermed vanskeleg å ta Rørå på alvor når dei juridisk fokuserer einsidig på at bestanden av ulv skal forvaltast ned på bestandsmålet.

Det stemmer ikkje at det er ei auke i ulvebestanden, slik det blir hevda frå enkelte. Vi har i nokre år ligge over bestandsmålet for ulv. Stortinget har uttalt at terskelen for felling blir senka innanfor ulvesona når bestanden ligg over bestandsmålet. Bestandssituasjonen er derfor ein av grunnane til at det i år, som i fjor, vart opna for ei forsvarleg bestandsregulering som skal bidra til ein redusert bestand også innanfor ulvesona. Men det er definitivt ikkje slik enkelte hevdar, at bestanden av ulv aukar jamt og trutt. Snarare omvendt. Tal frå Rovdata viser at storleiken på bestanden og talet på ungekull varierer ein del frå år til år. Bestanden har utvikla seg frå om lag 92-94 individ vinteren 2017/2018 til 84-87 individ vinteren 2018/2019, medan talet på ungekull har gått frå 10,5 i 2017 til 8 i 2018. Førebelse tal for 2019 per 10. desember 2019 er på 5,5 ungekull. Her er grenseulvar medrekna med ein faktor på 0,5.