Namsos må hindre nedlegging av Namsosbanen

Med klimautviklinga som skjer framover vil jernbane-tilknyting bli eit av dei viktigaste klimatiltaka for framtida.

  Foto: Bjørn Tore Ness

Meninger

For når den første fisketransporten har gått frå Narvik via Finnland med fiskeprodukt etter jernbane, langs med den gamle silkevegen til til Kina, så seier dette noko om satsinga som er for tida på at elektrisk jernbane er det som må til for at regionar skal få fram produkta sine sine til dei store marknadane på lengre sikt. Når det skal reduserast CO2 utslepp med 45 prosent til 2030 og 95 prosent til 2050 her i landet.

I følge siste nr. av bladet Jernbane, så er det no snakk om å legge ned både øvre del av Numedalsbanen og Brattbergs-banen. Det er også fare for at BaneNor vil ta Namsosbanen opp til vurdering. Med utgreiinga om å bygge ein Nord-Norgesbane frå Fauske til Tromsø vil ein måtte forhalde seg til sidebanar til ei viktigare vurdering, for da blir både Fauske-Bordø, samt sidebane til Harstad aktuelle.

Nedleggingsforslaget som har kome frå Overhalla vil i denne samanheng bli ganske lagnadstung for både den framtidige industrien på Skogmo og for Namsos, for det siste året har pendelen snudd vedr. godstransporten på jernbane. T.d. så vil ASKO heretter sende alle sine varer mellom landsdelane med tog, så dermed vil også Norge ta skikkelege nasjonale trekk for å fylle opp FN sin klimaplan til å begynne og fungere.

Og med nye togsett som kan kjøre strekningar på batteri, når dei får lading på kortare strekningar med El. kjøreledning, så er planane for å elektrifisere heile Nordlandsbanen langt meir realistiske enn tidlegare. Det er ein del av framtidas transportsystem ein risikerer å bli utestengt frå, dersom forslaget frå Overhalla skulle bli tatt opp og ei nedlegging skulle skje.

Når ein her til lands har 9 tonn CO2 utslepp per individ og svenskane er nede på 4 tonn CO2 per individ, så er det på transportområdet at ein kan redusjere dette mest. Og lokalt næringsliv kan kome skikkeleg i klima-klemma, der det kan gå ut over ei vidare satsing i området, så kan dette berre bli ulykksalig for Namdalen. Og den lokale aksepten av ei bane-nedlegging er basert på at folk lokalt ikkje har fått med seg kva som krevst av endringar av transporten-sektoren for framtida.

Og det ein ser er at frå den nye terminalen på Heimdal, vil godstransporten på jernbane bli langt meir konkurransedyktig enn tidlegare. Og sanksjonar mot kabotasje-transporten, på utanlandske trailarar ser det ut til å bli langt meire av. Ved at 2/3 delar av klimagassen CO2 kjem frå godstransporten på land og sjø, som kjem frå båt og lastebilnæringa er det ikkje lenger nokon hypotese at det er her dei største endringane vil måtte kome.

Fordi privatbilane sine utslepp vil måtte gå ned som følge av El.-bil satsinga, medan prognosane for godstransporten er 100 porsent auke fram til 2050, fordi fiskeproduksjonen kan auke fem gonger i løpet av denne tida. Dermed er lastebiltransport i ferd med å bli utfasa, så det er transport på bane i vårt lange land, som vil måtte bli einaste klimaversjonen når det gjeld rask framføring av det meste av gods-transporten i framtida. Og båttransport kan ein berre ha for varer som ikkje treng rask framføring. Og med bane kan også tømmeret frå Helgeland gå på godstog til Van Severen i Namsos.

Når eitt av utspela til Senterpartiets Hallem under valkampen, gjekk ut på å få Trønderbanen til å gå til Grong etter at Trøndelag vart eit fylke, så veit ein jo at i Indre Namdal er det for få reisande der til å få dette til å fungere. Dermed vil det kunne bli å innfri klimakrava som blir stillt, som kan opne opp Namsosbanen på ny for også persontransport. Så Overhalla bør no forhalde seg tause til at Namsos kjem på banen, fordi denne banen også er ein av dei banane som har mest rettstrekningar, slik at det treng ikkje å bli serleg tidshefting av at turen går om Grong, fordi det også er laga planar for å legge Nordlands-banen i tunnel frå Snåsa til Lurudalen.

Så det betyr at mykje av Namdalen vil få ei langt betre samferdsel med resten av Trøndelag. For med dei nye tekniske godbitane som no er i ferd med å bli utvikla på tog og jernbanesektoren, er det på dette området at samferdsel kjem til å utvikle seg svært raskt i tiåra framover. Og fisken og laksen frå Sør-Helgeland og Ytre Namdal vil kunne bli frakta.