Naturvernforbundet:

Sats på energieffektivisering i staden for Ytre Vikna vindpark

Meninger

Energidirektør i NTE, Kenneth Brandsås og andre vindkraftforkjemparar gir ofte urealistiske tal på kor mykje fossil energi som må bli erstatta. Når Brandsås i innlegg 19. mars, skriv at Noreg har 50% fossil energibruk som må bli erstatta av fornybar energi, så er det misvisande. Ein del av dette er råvarer til industrien. For å erstatte kol til smelteverka er det foreløpig berre biokol som duger. Når det gjeld resten, så anslår Statnett at ein kan gjennomføre «omfattende elektrifisering» med ca 40 TWh, som skal erstatte 95 TWh fossil energi. Dette er mogleg fordi elektristet har langt høgare effektivitet enn fossil energi. Statnett har rekna med 12 TWh elkraft til elektrifisering av sokkelen. Dette er sterkt omdiskutert som klimatiltak, så om vi ser bort frå sokkelen, treng vi berre 40 -12 = 28 TWh ny fornybar energi i Noreg for å gjennomføre «omfattende elektrifisering». Dette kan vi skaffe utan ein einaste ny vindturbin i norsk natur!

I tillegg kan vi leggja til sterkt auka produksjon av biogass som kan erstatte fossil energi på område det er vanskeleg å bruke elektrisitet direkte.

Er det dyrt med energieffektivisering?

I 2013 anslo ENOVA at det vil koste ca 1 milliard kroner å investere i tiltak for å redusere energibruken med 1 TWh. Opp mot dette kan vi setja ny vindkraft. Trønderenergi anslo 8,5 millionar pr installert MW i vindkraftanlegg på Svarthammaren i Orkland (2019). Reknar vi på Trønderenergis tal, kjem vi til ca 2,7 milliardar for 1 TWh. Med andre ord, det er veldig mykje dyrare med ny vindkraft enn tiltak for å spare energi. På tide at NTE flyttar fokus frå vindkraft til energisparing?