Reduksjon i alkoholbruk gjev mindre fare for kreft

Meninger

Verdas Helseorganisasjon, WHO, meiner at alkohol er ei hovudårsak til kreft i nordiske land. I ei NTB-melding referet mellom anna i Dagen, Aftenbladet og NRK 4. februar i år, vert det trekt fram at alkohol er ein risikofaktor for kreft i høginntektsland. Det viser den årlege rapporten til WHO.

IOGT Region Midt-Norge tek infoen frå rapporten til vitande, og vil framleis arbeide for både haldningsskapande arbeid på rusfeltet og med å støtte opp om dei som har fått oppleve alkoholen sine samansette baksider. På mange felt er det viktig for samfunnet å ha ruspolitiske organisasjonar som kan komme med tankar som kanskje gjer at fleire tenkjer litt ekstra over alkoholbruken og rusbruken sin.

WHO-rapporten vart offentleggjort på verdas kreftdag 4. februar, og i rapporten vert alle landa i verda oppmoda om å tilpasse kreftarbeidet sitt til situasjonen med at alkohol kan auke kreftfaren. I denne samanhengen skal det også nemnast at røyking framleis er den største risikoen for å få kreft.

Alkohol er i WHO sin rapport registrert med 5,1 prosent av krefttilfella, noko som svarar til om lag 1.700 krefttilfelle per år. Ein reduksjon i alkoholinntak kan altså også gje ein reduksjon i kreftfaren. Det må kunne kallast eit stort pluss både for den einskilde og for i samfunnet.