Smitte i ei ny tid

Karantenen har lang tradisjonar.
Meninger

Smittsame sjukdomar har alltid følgt menneska, og sjølv om dei i tidlegare tider verken visste om bakteriar eller virus, forsto dei at mange  sjukdommar kunne vere smittsame. Lepra (spedalsk sjuke) var ein av sjukdommane som dei visste var smittsam alt i oldtida, og for å beskytte samfunnet vart dei sjuke bokstaveleg talt utstøytt. Denne isoleringa av spedalske vart praktisert til langt opp på 1900-talet.

Også under bakteriepesten som vi kjenner som Svartedauden på 1300-talet, visste folk at sjukdommen var smittsam, og det er mange historier som korleis folk prøvde å isolere seg for å unngå å bli smitta. Da pesten kom til Venezia, måtte skipa ligge førti dagar ute på sjøen før dei fekk kome inn til kai. Av det fekk vi uttrykket karantene (av latin quadraginta= førti).

God hygiene var viktig

Koleraepidemiane på 1830-40-talet tok livet av svært mange, og dette gjorde så sterkt inntrykk at det førte til Sunnheitslova i 1860. Den lova var eit viktig grunnlag for det offentlege helsearbeidet heilt fram til 1984. Enno i 1860 var det ulike teoriar på korleis kolera oppsto, men dei fleste var einige om at god hygiene var viktig.

Da dei første bakteriane vart påvist nokre år seinare, førte også dette til ei stor satsing på hygienearbeid i siste del av 1800-talet og første del av 1900-talet. Hygiene var også viktig for få bukt med tuberkulosen, som særleg herja frå slutten av 1800-talet til langt ut på 1900-talet, og tok livet av 250 000 nordmenn i løpet av nokre tiår, mest ungdom.

Spanska

Den pandemien som på nokre måtar kan samanliknast med den pågåande corona-pandemien, er spanskesjuka som kom i 1918 og tok livet av omtrent 15000 nordmenn, dei fleste i alderen 15-30 år. Dette var eit influensavirus, og da pandemien kom var mange heilt eller delvis immune, etter som det bl.a. hadde gått ein influensaepidemi omkring 1890. Men dei som var fødd etter den epidemien eller ikkje hadde hatt influensa, hadde dårleg immunforsvar mot sjukdommen og vart hardast ramma. Det var ungdommar i alderen 15-30 år. Mange i denne aldersgruppa var også sårbare fordi dei alt hadde tuberkulose.

Da pandemien gjekk i 1918-19 visste ingen at dette var eit virus, det var slutten av første verdskrig og mykje kaos, det var dårleg kommunikasjonar, ingen radio eller TV, myndigheitene var passive og helsetenesta hadde lite å stille opp med. I Verdal døydde 54 menneske i løpet av eit par-tre månader hausten 1918, flest unge folk. Alle døydde heime. Det var nokre få notisar om sjukdommen i lokalavisa. Utpå hausten vart det gjort forsøk på å stenge forsamlingshus, men alt i jula annonserte dei juletrefestar.   

Viktig lovverk

Vår moderne smittevernlov er ei kraftfull lov som kan regulere dei fleste  samfunnsfunksjonane, slik vi har sett eksempel på dei siste vekene. Og lovverket har vori viktig i smittevernarbeidet i lange tider. Den første smittevernlova i Norge var lepralova av 1877, som vart erstatta med ei ny og strengare lov i 1885. Med heimel i denne lova kunne distriktslegen instruere politiet om å arrestere spedalske dersom dei utgjorde smittefare.

I 1890 utforma Legeforeningen «tuberkuloseplakaten», som ga instruksjon om korleis ein skulle forebygge smitte og pleie dei sjuke. Stikkord var streng disiplin og hygiene. I 1900 vedtok Stortinget tuberkuloselova, den første av sitt slag i verda. Ifølge denne lova var det påbod om at alle smitteberarar måtte underkaste seg behandling, og legane hadde heimel til å tvangsinnlegge på institusjon. Seinare vart det også snakk om obligatorisk skjermbildekontroll og vaksine.

Dei fleste er nok einige om at strenge lover og forskrifter er viktige og nødvendig tiltak. Men til dette bildet høyrer det ofte også ei bakside: Stigmatisering av dei sjuke, isolering og utstøyting frå samfunnet, skam, overgrep, kvakksalveri, og kanskje tilsidesetting av menneskerettar og demokratiske spelereglar. Det kan vere grunn til å vere på vakt mot slike tendensar også under dagens corona-pandemi.

Nye moment

Det er fleire skilnader på den situasjonen pandemien møter i dag samanlikna med tidlegare pandemiar: Corona-viruset er eit nytt virus, slik at ingen av oss har immunitet frå før. Dette er ein viktig forskjell frå ein influensaepidemi. Ein pandemi har truleg aldri møtt ein populasjon med så mange eldre før, og det har heller aldri vori så mange menneske som har hatt så mange andre risikofaktorar som har redusert immunforsvaret og gjort dei sårbare. Eksempel på dette er folk som har hatt kreft eller har andre kroniske sjukdommar. Dette kan gjere utfallet av pandemien meir usikkert enn det vi liker å tenkje på.

Eit godt utgangspunkt

Uansett har vi nå ei både ei medisinsk, økonomisk og politisk global krise. Men aldri i historia har ein pandemi møtt eit slikt høgteknologisk kunnskapssamfunn som i dag: I ein tidleg fase av corona-pandemien vart viruset isolert og karakterisert. Vi veit mykje om smittemåten, og dermed korleis ein kan redusere smitten.

Vi har effektive kommunikasjonsmiddel både nasjonalt og internasjonalt, slik at informasjonen kjem fram til alle. I Norge har vi gode helsetenester, og det er muleg å teste mange menneske, sjølv om kapasiteten på desse områda kanskje er det som først blir kritisk. Befolkninga i Norge har generelt ein god helsetilstand, har god ernæring og er høgt utdanna. Vi har eit solid lovverk og bevisste og kunnskapsrike fagfolk og politikarar som kan sette i verk nødvendige tiltak. Norge er kjent for  å vere eit tillitssamfunn, der det er stor tillit mellom befolkninga og styresmaktene, noko som gjer at folk ofte lojalt følgjer opp det politikarane set i verk. Ikkje noko av dette var til stades ved tidlegare pandemiar.

Alle desse faktorane gjer at vi bør ha langt betre sjansar til å berge oss gjennom ein pandemi enn i tidlegare tider.  

Vi skriv historie

Vi er enno i ein tidleg fase av corona-pandemien og mykje er usikkert. Men det vi kan vere sikre på alt nå, er at det vi opplever i desse månadene vil våre etterkommarar lese om i historiebøkene – i generasjonar. Og vi er akkurat nå med på å skape denne historia, utan at vi enno veit korleis ho blir.

Men mens pandemien går sin gang kan vi alle gjere litt for å redusere omfanget. Og vi kan prise oss lykkelege for at vi trass alt lever i Norge og ikkje i eit fattig land eller i ein flyktningeleir. I historieboka som skal skrivast etter corona-pandemien, er eg redd at akkurat det kan bli eit lite hyggeleg kapittel.