Sp svarer Ap-ordførere:

Tull om tidleg ultralyd  

Meninger

Ingvild Kjerkol og ordførarar frå Arbeiderpartiet feilinformerer om tidleg ultralyd ( Namdalsavisa 29.5).



I staden for å argumentere for eige forslag, brukar dei krefter på å vrenge på ein setning i mitt innlegg i Stortinget den 26.mai. Det står ikkje til truandes, og er ein debattform som ikkje er Arbeiderpartiet verdig. Det er ulike syn mellom parti i saka om å innføre rutinetilbod av tidleg ultralyd . Arbeiderpartiet har her funne saman med Framstegspartiet. Deira viktigaste argument synes å vere at det i dag er mange private tilbydarar og brukarar av tidleg ultralyd i byane. Difor må det no bli offentleg finansiert som eit tilbod til alle friske gravide i heile landet.

Kunnskapssenteret sin rapport frå 2012 om akkurat dette - eit arbeid initiert av den raudgrøne regjeringa og av ein helseminister frå Arbeiderpartiet - konkluderte med at tidleg ultralyd til alle gravide ikkje kan dokumenteras å gi helsegevinst for mor eller barn. Det er ikkje kommen nye kunnskapsinnhentingar etter dette som tilrår noko anna. 2018 kom også Helsedirektoratet sine nye faglege retningsliner for svangerskapsomsorga. Heller ikkje den har rutinetilbod av tidleg ultralyd med som ei tilråding.

Arbeiderpartiet føreslår dette likevel. Men for Senterpartiet er prioritering i helsevesenet viktig. Det må vere ein dokumentert helsegevinst skal ein innføre ei masseundersøking av den friske befolkninga – her friske gravide .Difor svara eg i Stortinget at sidan det til no ikkje er dokumentert at rutineundersøkingar med tidleg ultralyd av alle friske gravide vil gi betre helse for mor og barn, er det ikkje nødvendigvis eit problem at friske gravide kvinner i distrikta nyttar seg mindre av private tilbod om dette. At Arbeiderpartiet prøver seg på billig politisk retorikk om at Senterpartiet difor ikkje bryr seg om å sikre likeverdige tilbod til kvinner i distrikta, er useriøst.

Tidleg ultralyd er ein del av svangerskapsomsorga i dag til kvinner med medisinsk behov for det. Uro hos kvinna for at svangerskapet ikkje utviklar seg normalt, er grunn til å bli undersøkt. Senterpartiet vil kjempe for at eventuelle geografiske forskjellar i dette tilbodet må rettast opp. Men det er ikkje dette Ap foreslår. Dei vil etablere eit nytt tilbod med masseundersøking av alle friske gravide. I land der dette er innført, vert det omtrent ikkje lenger fødd barn med Downs syndrom. Senterpartiet vil i staden utvikle eksisterande tilbod til kvinner med behov. At private tilbydarar i byane skal legge premissa for kva det offentlege helsevesen skal tilby- slik Arbeiderpartiet og Framstegspartiet gjer, meiner eg er feil .

Arbeiderpartiet fekk mange sigrar på bioteknologifeltet den 26.mai. Ikkje berre tidleg ultralyd. Dei fekk fleirtal for å tillate fosterdiagnostikk av alle fostre. Dei fekk fleirtal for å opne for mitochondriedonasjon som vil innebere at born som fødast vil ha DNA frå tre personar. Forslaget er i strid med Biomedisinkonvensjonen, som Norge har slutta seg til. Det viser kor langt Arbeiderpartiet er villig til å gå på dette området, berre teknikken tillèt det. Men det mest skuffande er måten Ingvild Kjerkol og Arbeiderpartiet køyrer debatt på. Eg kunne håpt at ein kunne diskutere dette saksområdet, som omfattar mange etiske dilemma, på ein meir respektfull måte. Det meiner eg saka fortener .