Viktig bok om ein «gløymd» diktar:

...den mest interessante personen i familien – mora Augusta Aasen (fødd Paasche) – vaks opp i Namsos

Eg har brukt litt av denne «korona-sommaren» til å lesa Arild Bye sin omfattande og grundige biografi om Arne Paasche Aasen, som kom ut på Aschehoug forlag i 2018. Og det har vore svært interessant lesnad.

Arild Bye har lova å koma med ei eiga bok om «Røde Augusta» hausten 2020. Men kvifor har ikkje Namsos-historikarar interessert seg for denne heilt spesielle kvinna tidlegare? Det blir spennande å sjå kva meir Arild Bye har å fortelja oss når denne biografien kjem! Det skriv journalist og forfattar Liv Marit Idsø. 

Meninger

Arild Bye er sjølv frå Nord-Trøndelag. Også Arne Paasche Aasen har nær tilknyting til Nord-Trøndelag. Faren – typograf Edolf Aasen – var frå Steinkjer. Men den mest interessante personen i familien – mora Augusta Aasen (fødd Paasche) – vaks opp i Namsos.

Ho var ei svært radikal og politisk aktiv kvinne i den norske arbeidarrørsla sin tidlige periode, og blei gjerne kalla «røde Augusta». Ho døydde i ei ulykke for hundre år sidan, mens ho var på møte i Moskva, på Den tredje internasjonale sin 2. kongress, som utsending for Det Norske Arbeiderparti. Og ho ligg gravlagd ved Kreml-muren, med eiga minneplate i sjølve muren.

Arild Bye har lova å koma med ei eiga bok om «Røde Augusta» hausten 2020. Men kvifor har ikkje Namsos-historikarar interessert seg for denne heilt spesielle kvinna tidlegare? Det blir spennande å sjå kva meir Arild Bye har å fortelja oss når denne biografien kjem!

Førebels har vi altså Arne Paasche Aasen-biografien hans. Den fortel om ein diktar som melde seg inn i Arbeidarpartiet som femtenåring i 1916, og som på mange vis tente dette partiet med diktinga si heilt til han døydde i 1978. Arild Bye gjer dermed biografien til ei historie om utviklinga i den norske arbeidarrørsla i heile denne perioden – og for så vidt også i tida før det, frå Augusta sluttar på lærarskolen i Levanger sist på 1800-talet for å bli politikar på heiltid.

Det er ei utvikling frå ei revolusjonær opprørs-rørsle til eit maktparti som styrte landet (og fagrørsla) samanhengande i fleire tiår etter 2. verdskrigen.

Arild Bye får oss til å forstå korleis denne utviklinga skjedde, og korleis ein ung idealist og forfattar som Arne Paasche Aasen kunne bli med på denne ferda. Han trudde sterkt på prosjektet om sosial utjamning og rettferd for arbeidsfolk, og han brukte heile si arbeidskraft til beste for partiet. Han skreiv alt for mange raske dikt og prologar til partiarrangement og daglige spalter i Arbeiderbladet – det siste under psevdonymet Dorian Red.

Men samtidig var han ein «Bohem på byen» - eit liv som tok hardt på i det lange løp. Han var også stadig i pengeknipe. Han var medlem av Den Norske Forfatterforening, men fekk aldri stipend der fordi dei rekna han som Arbeidarpartiet sin «husdiktar», og meinte han skreiv alt for «lette» og folkelige dikt. Bye viser også at Arbeidarpartiet takka han dårlig for innsatsen, ved ikkje å nytta fleirtalet sitt i Stortinget til å gi han diktarløn etter krigen.

Paasche Aasen skreiv revolusjonære dikt og andre tekstar i ungdomen. På trettitalet blei det ein sterk anti-fascistisk tone i dikta hans. Og han skreiv arbeidarsongar som blei svært viktige innanfor rørsla.

Paasche Aasen var i Sverige under krigen, og blei mykje brukt til opplesar på turnear rundt i landet saman med andre norske flyktningar. Men etter krigen, då det etter kvart blei ein annan situasjon for Det Norske Arbeiderparti, skreiv Paasche Aasen ikkje lenger mange kampdikt. Han blei diktar av «slager-tekstar» og muntre vers. «Blåveispiken» og «De nære ting» er hans største slager-suksessar. Dette er songar som ennå blir mykje brukt – ikkje minst til allsong i ulike foreiningar. Sjølv blei diktaren også stadig mindre opprørsk. Han blei til og med medlem av frimurarlosjen.

Men Arild By viser at han likevel var lojal mot partiet til det siste – bortsett frå på eitt punkt: Han stemte nei til EU i 1972, og deltok i Nei-rørsla sine kampanjar i tida før avstemminga.

Biografen Arild Bye meiner elles at arbeidarrørsla har gjort eit svært dårlig arbeid med å ta vare på minna om Arne Paasche Aasen. Han har heller ikkje fått den plass han fortener i litteraturhistoria, etter hans meining. Om ikkje alt han skreiv har «høg litterær verdi», så har han betydd svært mykje for svært mange.

Sjølv har Bye gjort eit særs grundig arbeid med biografien. Han har leita opp mykje av det som finst av skriftlig materiale om – og av – Paasche Aasen, og han har oppsøkt mange personar som kjende han eller visste noko om han. Også den generelle norske arbeidarhistoria frå 1900-talet har han sett seg grundig inn i, og gjort seg mange tankar omkring. Og han har gjort biografien til ein «page-turner», i alle fall for meg. Det er mange gode formuleringar, og mykje historie som blir fortalt på ein ny måte.

Eg har også lese tidligare solide biografiar av Arild Bye, ikkje minst den om Kristofer Uppdal, som inspirerte meg til å lesa dette forfattarskapet ein heil sommar då den var ny.

Paasche-Aasen-biografien blei nominert til Brage-prisen då den kom. Vi kan også trygt sjå fram til fleire gode biografiar frå Arild Bye. Og den første er altså om «Røde Augusta» - oppvaksen i Namsos!