Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.
«Storgærnnatta» heit ho seinare, då ein orkan la store skogstrekningar flate over mykje av Namdalen i 1837. Synet av mishandla utmark burde vore eit varsel frå naturen, i staden vart det ei oppfordring. Heller enn å forvalta skogen som stod att, fullførte den neste generasjonen raseringa med eigne hender. Med opninga av ladestaden Namsos, konjunkturoppgang i trelasthandelen og frislepp av hogst i statsallmenningar låg forholda til rette for at namdalsk urskog vart meia ned frå slutten av 1840-åra.
Skogparti vart då seld til spottpris, til storkapital som sat mykje utanfor distriktet, etter kvart utanfor landet. Andre bønder selde skog på rot, med 20 år lange uthogstkontraktar, så etterveksten vart hogd ned igjen før kontrakten gjekk ut. Skogfellinga vart sett ut til tømmerhoggarar som fekk betalt på akkord etter kvantum tømmer. Minstemål på tømmer var fjerna frå lova i 1795, berre tidvis fanst det i uthogstkontraktar, enno mindre når det gjaldt skog sagbruka åtte sjølv. Mange stader låg heile skoglier snauhogde tilbake og hadde vanskeleg for å gro opp att.
Allereie i 1860 melde amtmannen at «Skogrdriften har udviklet sig efter en Maalestok, der har vakt alvorlig Frygt for Fremtiden». Fem år seinare hevda forstmeisteren at skogen knapt ville overleva ein generasjon til med same uthogst. I 1872 vart Brekken statsallmenning i Namsskogan vurdert grundig, berre 10 prosent av skogen vart rekna som frisk. Hogsten slakka til gjengjeld då av grunna prisnedgang. Før dei gjekk opp igjen innførte styresmaktene til slutt ei vernelov. Namdalske kommunestyre hadde lenge stritta imot, men då lova kom innrømte dei fleste at ho burde kome lenge før.
Hogsten prega lokalt økosystem, men livet i skogen vart òg endra av anna menneskeleg aktivitet. I 1860 skaut Johannes Børli eit svært, ukjend dyr på veg over Øyvatnet og melde frå om det. Det viste seg å vera ei elg. Ingen hadde sett ein slik i namdalske skogar på eit par mannsaldrar, som særleg var utsett etter jaktbørser var tatt i bruk. Med streng nasjonal jaktregulering vandra han no inn frå sør. Her fann han seg godt til rette, for samtidig var rovdyra i ferd med å forsvinna.
«Lov om Udryddelse af Rovdyr og om Fredning af andet Vildt» kalla styresmaktene ho i 1845, lova som skulle sørgje for at dei store rovdyra forsvann, ved bruk av skottpremiar. Jakt og husdyrhald skulle med få gode vilkår – og det fungerte: Fleire titals bjørn, ulv, gauper og jerv vart det utbetalt premie for i 1860-åra aleine, òg mørketala var store, for mange kasta seg i vatn og forsvann. I 1885 hadde ulven forsvunne frå Namdalen, eit part tiår seinare døydde òg den namdalske bjørnestammen ut.
Utryddingspolitikken gjaldt òg mindre rovdyr. Hubroen kom under sterkt press, men vart likevel på ny underlagt skottpremie i 1899. Fjellreven vart hardt råka, då skottpremie på rev vart innført i 1879, utan å gjera skilnad på artane. Revejakta var eksplosiv, berre første året vart det felt 432 dyr i Namdalen. Ørn vart det likeins felt mange hundrevis av, sjølv om tala er usikre. Fleire seinare raudlista artar vart slik nær utrydda på staten sitt initiativ.
Kva så med laksen? At laksebestanden var svekka vart påstått allereie på slutten av 1700-talet. Laksegardane vart då peika ut som årsaka, seinare var det fløytinga. I 1865 hevda amtmannen at situasjonen var svært kritisk, valdeigarane at elvefisket var «så godt som ødelagt». Ei laksfiskeriforeining vart oppretta samtidig, til betre forvalting av laksestammen. Då som no var arbeidet derimot prega av store motsetningar mellom valdeigarar og sjøfiskarar.
Den store striden i samtida var innføringa av kilenot, i fjordfisket, men i noko grad òg i elvefisket. Fiskeriinspektøren kalla nøtene «et ødelæggelsesredskap» og fisket vart innskrenka raskt av amtet, til berre tre døgn i veka, på ganske usikkert grunnlag. Engelske lakseturistar kjøpte opp ferskvassnøter og sette kontraktskrav om opphøyr av nøter, tidvis alt grunneigarfiske. Då ein fekk tal over elvefangsten frå midten av 1870-åra synte dei derimot eit ganske stabilt kvantum, på 10 500 kg. dei neste tjue åra, trass i at det stadig vart fleire nøter.
Som med hogsten og jakta var det heller økonomiske incentiv som låg bak forvaltingstiltaka for laksen, der fisketurismen hadde vorte ei lukrativ næring. Der hogsten slik stoppa opp av konjunkturnedgang, vart sjøfisket av laks strengt regulert for si utfordring av næringsinteressene til storbønder langs Namsen.
Rovdyrutryddinga haldt derimot fram til siste dråpe bjørneblod på slutten av 1800-talet, då tankar om vern og meir berekraftig forvalting slo inn. I Namdalen vart det ein føresetnad for både jaktturisme og innføringa av kjøtrike, men mindre mobile, engelske sauerasar. Med næringsveksten forsvann dermed eldgamle sauetypar, medan elgen på ny vart trua og den gamle hjortestammen på Otterøya nær døydde ut.
Utreinskinga var ein av dei største suksessane i norsk distriktspolitikk på 1800-talet. Naturen var sett på som leire til å forma menneskelege behov av, over to generasjonar hadde no fått ei form som passa økonomisk modernisering. Snauhogst og overfiske var berre ufruktbart om det hindra langsiktig utvikling, men sjølv då ville ikkje styresmaktene gripa inn mot næringslivet, trass dystre dommar frå sentrale tenestemenn. Så kan ein då spørja: høyrer vi varsla frå naturen betre i dag?