(Trønderdebatt)

– Tysdag fekk eg eit samanbrot, seier «Maria».

Eg er heime på garden i Namdalen der eg har vokse opp. Alt er kvitt rundt meg. Alle skarpe kantar er pakka inn i eit mjukt pudder av snø, som eit isolerande lag mellom den sårbare jorda og den iskalde lufta over. Mamma står på kjøkkenet og koker kaffi.

Mot meg på skjermen lyser dei kjære, klåre, kloke auga til Maria. Ho har vore mi gode venninne i åtte år. I åtte år har vi ete saman, besøkt kvarandre, gått tur, bada, padla, tulla, tatt ansiktsmasker, vore fulle saman.

I åtte år har vi også snakka saman. Om at landet hennar er i krig. Maria er frå Donbass-regionen i Ukraina. Der har dei vore okkuperte sidan 2014.

Serie om krigen mot Ukraina

Trønderdebatt publiserer en serie tekster som belyser ulike sider ved den pågående krigen mot Ukraina.

Alle tekstene finner du her.

Tysdag gjekk Maria på jobb i barnehagen sin i Oslo. Så byrja dei å kome, nyheitene om at Putin hadde erklært Donbass sjølvstendig. Ho visste kva det innebar. Eg hugsar ho sa det til meg helga før. At det kom til å skje. Og at det kom til å vere fatalt, fordi Donbass ville bli brukt i ein maktkamp frå både russisk og ukrainsk side.

– Eg vart send heim fordi eg grein så mykje. Eg har vore så frustrert fordi Kyiv og resten av Ukraina har levd som om Donbass ikkje eksisterer. Det har liksom ikkje vore noko å gjere med oss. Vi har vore ei buffersone. Folk har nekta å godta at Donbass er ein del av Ukraina, seier ho.

– No har endelig Ukraina ein sjanse til medkjensle, fordi det skjer noko i Kyiv.

Då Maria var i Donbass i fjor, var det 8 år sidan ho var heime sist. Før det møtte ho foreldra på nøytral grunn i Ukraina, etter at dei hadde gått gjennom grenseposten frå dei okkuperte områda. Men no var mora for sjuk til å dra, og Maria måtte til Donbass for å ta farvel.

– Det var eit sjokk å vere heime, seier Maria. – Ikkje berre fordi mamma var sjuk. Men fordi heile byen min var sett tilbake til 80-talet. Det var som i eit dataspel, der alt var kjent, men likevel ukjent. Alle dei nye fine bilane som kom då Sovjet fall, var borte. Det var så lite folk. Bygningane sto til nedfalls. Sovjet-nostalgien rådde.

– Det var surrealistisk, heilt...dekadent.

Nyttårskvelden døydde mor til Maria. Det hadde allereie blitt nytt år i Ukraina, men i Oslo var dei akkurat i ferd med å skyte nyttårsrakettane inn i helvetesåret 2022. Maria kunne ikkje gå i gravferda til mor si. Det var for farleg.

No fell rakettane over Kyiv, og Ukraina får medkjensle.

Eg og Maria snakkar ofte om å reise saman til Kyiv. Eg var der i 2017 med tipsa hennar på telefonen. Alle kastanjetrea sto i blom. Arkitekturen var rosa og lysegul og turkis, gipsornamenta var kvite, laukkuplane var gylne og dei mange, mange blomane på Majdan-plassen vart vatna med traktor. Eg var på kunstgalleri fulle av unge kunstnarar, små butikkar med ukrainske designarar, nystarta barar med hippe bartenderar, georgiske restaurantar.

Rulletrappene ned i undergrunnen var uendelege. Eg tok dei frå Khreshchatyk, nedover og nedover i smale korridorar. No søker tusenvis av menneske tryggleik der nede. Born. Unge. Mødrer. Besteforeldre. 100 meter under jorda, utan å vite kva som skjer med mennene deira oppe på bakken.

Vennane til Maria er i sine eigne kjellarar.

– Kjellarane er berre laga av stein. Og det er februar, jo. Dei er kalde! seier ho.

– Vi ringer kvarandre kvar morgon for å høyre korleis det går. Dei seier at dei lever, men ikkje mentalt. Eg snakka med ei venninne. Ho sat der i steinkjellaren med dei tre borna sine og bulldoggen. Ein annan venn prøvde å flykte, men fekk ikkje lov fordi han er mann mellom 18 og 60. No leitar han etter våpen på internett.

Eg minner Maria på at eg besøkte ein bokhandel i Kyiv og spurte etter engelske utgåver frå ein av deira beste forfattarar, Serhiy Zhadan. Ein annan kunde vart så stolt av å høyre spørsmålet mitt at han viste meg veg til ein bokhandel med betre utval. No går Zhadan rundt på gata i Kharkiv og rapporterer live på Facebook om det han ser og ber fleire stille til frivillig innsats.

Eg og Maria møtte Serhiy Zhadan i Oslo og vart litt forelska. For han var jo rockestjerne der han sto med sit tøffe, ukrainske føkk deg-andlet og prata med oss over ein øl på Last Train. Han vaks opp i nærleiken av Maria. Hadde høyrt på den same musikken, eksperimentert med dei same rusmidla. Hadde lært å skrive i Sovjet, landet som forsvann over natta.

Maria var 14 år då området rundt ho gjekk frå å vere Sovjet til å vere Ukraina. Då var ho halvt russisk og halvt ukrainsk. Enno snakkar ho russisk.

– Eg kan jo ikkje berre droppe morsmålet mitt, seier ho. – Men eg orkar ikkje å snakke med dei russiske vennane mine no. Dei seier så mykje tull, får si eiga sanning frå russiske media.

– Eg har prøvd å late som om vi er brør, men vi er jo ikkje det. Brør drep ikkje kvarandre.

Maria ser likevel ikkje berre mørkt på framtida.

– Sjølvsagt er eg redd for at mykje blir øydelagt, at ingenting blir som det var. Men vi klarer å gjenreise Kyiv. Og eg opplever allereie at vi blir sterke som nasjon av dette. Vi er så stolte av presidenten vår. Han er ein ekte helt. Det er no vi finn den ukrainske identiteten vår, blir glade i kvarandre og stolte som nasjon.

Ukraina skal byggast opp på ny. Etter Sovjet. Etter okkupasjonen i 2014. Og etter at denne krigen ein gong tar slutt.

Det er kveld. Eg er i ein tømmervilla på Musdalsæter. I det same huset som Nato-sjef Jens Stoltenberg har feriert i. Alt er kvitt rundt meg. Det einaste som forstyrrar freden, er nokre summande fluer i vindauga. På kjøkkenet står svigerfar og kokar kaffi. På skjermen lyser dei stolte, sterke, klåre auga til Maria mot meg.

– Eg har tatt ut eigenmelding, seier ho. – Men eg har også funne saman med ukrainske jenter. Vi har handla silke på Grønland og sydd ukrainske flagg og går i demonstrasjonar. Då eg gjekk forbi Grand hotell, spela dei den ukrainske nasjonalsongen. Eg vart så rørt!

– Ja, det er bra, seier eg og kjenner på klumpen i halsen. Maria har det uendeleg mykje tøffare enn meg, det er ikkje min tur til å grine no. Men ho er jo også eit av dei viktigaste menneska i livet mitt. Morosame, smarte, gode Maria. Tenk at Putin vil ramme henne!

Det er 7 240 ukrainarar i Noreg no. Det er om lag 65 millionar ukrainarar rundt om i verda. Alle har dei ei historie. Alle er dei ramma av denne meiningslause krigen. Alle har dei nokon som er glad i dei. Alle er dei nokon sin ven.

Eg håpar Putin ein gong må sjå inn i dei kjære, kloke, klåre auga til venninna mi og innsjå kva han har gjort mot henne. Eg håpar han må sjå inn i auga til dei 65 millionar andre ukrainarane også. Ein etter ein etter ein etter ein. Og skjøne kva han har gjort mot alle.

Eg håpar han aldri får sove igjen.

Maria er et pseudonym, som blir brukt av omsyn til Marias familie. Redaksjonen kjenner den ekte identiteten til Maria.