Å tilrå overgang til plukkhogst frå flatehogst no, er så langt mot vranglære ein kan koma. Det er prøvd før med dårlig resultat. Da bøndene sist på 1800 talet selde skogane sine til uthugst, var det den reine rovhogst. (Også det som vart gjort på Rørosvidda.) Alle store tre så store at dei kunne bli ein sagstokk, vart høgd. Skrotet sto att. Da staten tok affære og stoppa dette, vart det i staden sett igang plukkhogst med offentlige blinkarar. Det vart ikkje stort bedre. Skogane vart berre glisnare og glisnare for kvar plukking. Det kom ikkje opp mange nye graner.

Den seinare profesor Elias Mork frå Statland, grov ned termometer i skogane i Salen. Han oppdaga da at temperaturen i skogbotnet ikkje vart så høg at granfrø spira. Når så frøåra var sjeldne, var det ikkje rart at prinsippet med naturlig forynging feila. Ivar Aavatsmark, seinare direktør i Skogeierforbundet, undersøkte produksjonen i skogane i Namdalen 1949. Han konkluderte med at tilveksten var for dårlig og ståande kubikk skog pr da var reint for dårlig. Dermed var løpet lagt for bestandsskogbruk i gardsskogbruket. Bruka hadde alt bynt. Heile bestand skulle snauhoggast og det skulle vera skogkultur. Planting, lauvrydding, avstandsregulering eller tynning i ung alder. Systemet har vori ein suksess. Det er hogd det dobbelte av det som sto for hundre år sidan, tilveksten har auka så mykje at no står det tre gonger så mykje skog. Det har vorti meir storvilt og meir skogsbær. Utan at det er utrydda ein einaste plante. Så har det komi til fleire sørfrå og ein del frå prydhagebruket. Så å sei all skog er sertifisert for berekraftig skogbruk, og det drives fleirsidig skogbruk med hensyn til annan bruk. Det hadde ikkje voti betre om såkalla godkjente biologar hadde saumfari skogane og sett ned pinne for kvar sjeldan plante.

Å driva plukkhogging i dei einsaldra bestanda som har komi opp dei siste 70-80 åra, medfører praktiske vanskar. Avvirkniga blir dyrare, det blir vanskelig å utbedra spor, skogen blir meir utsett for vindfall. Det blir meir utslepp av CO2 pr m3 under avvirkninga. Tilveksten går ned. Om det no finns folk som kjem med hest og støtting og tømmersoks for å kjøra fram plukkhogggi virke i bratta er eg i tvil om.

Det trengs ikkje mykje forskning for å forstå at når skogen veks meir enn det som blir hogd, så aukar CO2 bindinga i skogen, både i trea og i rota og i skogbotnet. Treverk i bygningar bind CO2 opp til fleire hundre år. Skogen kan ikkje berre vera ei kulisse for naturvernere. Han må gje virke til treforedligsindustrien, til bygningsindustrien og noko til varme. Så må han og gje arbeid og inntekt til dei som bur i skogområde, i tillegg til rekreasjon for mange.

EU prøver å innføra allmene reglar for skogbruket i Europa. Felles skogprogram frå Kypros til Portugal og nordover til Nord-Skandinavia, må vera umulig. Skogbruk må vera stedstilpassa. Eitt system høver ikkje på alle plassar og for alle mulig treslag.

Dei som trur det må vera heilfrelst EU-tilhengarar.

Nordmennene er mest skikka til å forestå skogbehandlinga i Norge.