Gå til sidens hovedinnhold

Ungdomen går for klima – krev jernbane!

Med David Attenborough sitt program på TV nyleg, så får den måten vi utnyttar naturen på eit ganske så utvida perspektiv, der vi kan ha fått covid-19-viruset frå flaggermus, fordi økosystem i Kina er i ferd med å bryte saman.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Alle hugsar vel historia om at Formann Mao i Kina gav ordre om å skyte fuglar fordi dei åt for mykje, der resultatet vart at avlingar vart øydelagt av grashoppesvermar. Der vi ikkje har brydd oss om at klimagassen CO₂ har auka med 50 prosent i atmosfæren frå sitt historiske nivå, der påstand om at det var andre faktor som påverkar dette.

Når ein ser dagens fokus på klimadebatten, rundt også tenåringsjenta Greta Thunberg, så seier det seg sjølv at når ungjenta har fått møte paven i Roma, FN-sjefen og Frankrikes president Macron, så ser vi jo at det har blitt eitt heilt anna fokus på klimaproblema enn før.

Det har her i landet vori oljepolitikken som har blitt det store hinderet for at ikkje samfunnsplanlegginga har teke serleg omsyn til dette bortsett frå at oljefondet har gjort at bilsalet er endra totalt, der meir enn 50 prosent av dei selde bilane er ein el-bil. Men det er likevel ikkje dette som gjer det store for landet når det gjeld Norge sitt bidrag for å unngå at klimaendringane held fram, fordi 80 prosent av all transport her i landet skjer på lastebil.

Jernbanen har ein andel på rundt 4 prosent som no er i ferd med å auke ganske kraftig, som at langtransporten som dei fleste aktørane i varehandelen har skifta frå å frakte med trailer, til godstog for transporten til Bodø og Nord-Norge. Dermed har båttransport berre ein andel på 16 prosent og det er stort sett varetransport som kan gå sakte.

Dermed så er det mest berre jernbanen som er eit alternativ for å kunne ta over godset som går over 20 mil. Slik er det i alle fall for tømmertransporten, der den blir for kostbar utover 20 mil. Det nye alternativet som har kome opp etter at nyliberalismen tok over i politikken, kom jo med EØS-avtalen, der utlendingar driv med kabotasje-kjøring som bidreg til at fraktprisane på trailertransport har vori uendra i ei lengre tid, slik at norske firma blir utkonkurrerte, på grunn av at utanlandske sjåførar blir så dårleg betalt.

Så dette er både ein ufin konkurransesituasjon, samtidig som det er med å øydelegg klimaet. Så da er det nærmast berre jernbanen som kan gi lastebilen konkurranse på frakta, fordi dagens godstog kan frakte opptil 1000 tonn på eitt tog. Og dette kan erstatte 40 til 50 trailarar, som er med og bidreg til eit langt større utslepp av CO₂ enn gods på Nordlandsbanen, som fraktar dette med bruk av lok på rundt 4 tusen hestekrefter.

Så når ellers 80 prosent av godset går med bruk av el-lokomotiv på det meste av banenettet, så bør det også i Trøndelag vere klart at ein bør ta opp godstransporten på nytt på bane, der det er mest berre tømmer frå Jamtland som no blir frakta på godstog. Så det godset som kjem til Trondheim med tog, blir spreidd med lastebil der i frå. Elles så er den nye omlastingsterminalen som er bygd på Heimdal, tenkt å skulle ta unna laksetransporten frå Hitra-, Frøya- og Fosen-området.

Men lenger nord i Trøndelag er det dårleg stelt, for når det gjeld det meste av fisketransporten som går ut av landet med lastebil, burde den kunna ha gått med tog til kontinentet, som ein ser frå Narvik gjennom Sverige, samt at resten frå Salten-distriktet og Mo i Rana går på tog sørover.

Når det no blir satsa på å få opp godstransporten i det meste av landet, så burde jo Nord-Norge bane til Tromsø få ein førsteprioritet, men også andre lokalbanar bør det satsast på, så det er vel derfor at heller ikkje Namsosbanen denne gongen vart nedlagt, fordi det er ikkje avsett nok område i Steinkjer til å rangere omlasting frå lastebil til godstog.

Når det i tillegg no er stor kamp om ein større batterifabrikk som er i emning og kvar den bør ligge, så bør jo Namsos bli med i kampen om å få den.

Kommentarer til denne saken