I byrjinga var jula eit eventyr. Vi låg i kvar vår seng og drøymde med auga vidopne om pakkar under treet, halvskumle nissar, den klåre stjerna over huset til jordmor Matja, barnet i Betlehem, mandelen i grauten og den tørre marsipangrisen frå i fjor. Vi drøymde om det same fordi vi hadde dei same tradisjonane, men også fordi vi hadde høyrt dei same historiene om korleis ting skulle vere, gjennom julesongane vi song og eventyra vi fekk fortalt.

Eit av mine første juleeventyr handla om «Skomakergata», der skomakar Jens Petrus Andersen og kundane hans dreiv med juleførebuingar. Det heldt fram med Disney-filmar, Askepott, og Karl-Bertil Jonsson, før det gjekk over i klassikarar som «It’s a Wonderful Life», «Love Actually» og «The Holiday».

No, i karanteneåret 2021 druknar vi i eit endelaust utval julefilmar som alle har ein hovudkarakter som kjem innom ein liten stad og finn eit driveverdig hotell dei kan ta over for en femmer, tett følgt av ein dei vil dele livet med som også vil ha dei, og så er det fyr på peisen, vakre juletoner, christmas stocking og nysnø på julaftan. Dette er ei historie vi som bur på små stader, veit er urealistisk, sjølv med Trygve Slagsvold Vedum som finansminister, men vi elskar ho likevel. Det har Netflix for lengst tent seg feite på. Her i huset plar vi til og med sjå det vi kallar «spøkelsesfilmen», om, hald deg fast, ein advokat frå Boston som kjem til bygda for å selje eit vertshus og forelskar seg i spøkelset som dukkar opp der kvar jul. Det er heilt fjernt. Og absurd julekoselig.

Juleeventyra har sin eigen dramaturgi. Dei skal vere vakre, alltid på grensa til det sentimentale. Det skal vere mykje kjærleik involvert. Det skal vere snø, blinkande julekuler, overdådige middagar og store mengder eggnog. Det kan gjerne vere nokre utfordrande familiesamlingar og feilskjer, men det ender alltid med ein lukkeleg familiemiddag eller eit velplassert kyss. Historiene er dessutan moralske. Etter litt trøbbel, vinn alltid dei gode verdiane, og sjåarane kan puste lukkeleg ut og ønske kvarandre god jul i stova.

Kor kom alle desse historiene frå? Det er mogleg den mest grunnleggande julehistoria er Lukas sitt juleevangelium, men ho vart greitt følgt opp av den engelske forfattaren Charles Dickens. I 1843 skreiv Dickens «A Christmas Carol» («Eit juleeventyr»), forteljinga om Ebenezer Scrooge, som endrar seg frå grisk arbeidsgivar til raust medmenneske fordi han finn den ekte meininga med jula.

På vegen mot julemeining møter Scrooge eit spøkelse og tre andar, som fortel om jula hans i fortida, notida og framtida. Dei syner Scrooge kva han drøymde om då han ikkje hadde noko, kva han har blitt no, med masse pengar, men ingen nære og kjære, og kva han risikerer å bli om han held fram med å vere ein sur gubbe som ikkje ønsker nokon vel og ikkje vil ta del i fellesskapet.

Når Scrooge ser inn i framtida, møter han si største redsle: Angsten for å døy rik og åleine. Scrooge møter også den vesle handikappa guten Tiny Tim. Til skilnad frå Scrooge, er Tim fattig på økonomiske gode, men rik på kjærleik frå folk rundt seg. Det er ikkje før Scrooge klarer å redde Tim frå døden at han skjønar korleis han sjølv skal få ein annan slutt på livet: Ved å dele av sine rikdommar og å bry seg om folk rundt seg.

Vi har alle litt av Scrooge i oss. Det er vanskelig å unngå å møte seg sjølv i døra når ein går inn i ei høgtid som samling rundt sprø svor, glitrande tre og gode ønske. Kven er vi som møter juleeventyra? Har vi eigentleg vore snille i år? Har vi kjøpt gode nok gåver og bakt gode nok kaker? Og vil det vi har å stille opp med, vere nok til å hente fram sjølve julestemninga for oss sjølv og andre? Kva om vi ikkje bryr oss om jula i det heile, slik handelsstanden, Netflix og fireåringen i barnehagen krev?

I denne usikre juletid er det fint å hente fram den inkluderande bodskapen i «A Christmas Carol». Dickens har kanskje skrive om saftige julegjess og perfekte christmas puddings. Men den ekte julebodskapen hans går ut over detaljane, tvers over religionar, sosial og økonomisk status, politisk ståstad og nasjonalitet.

Den Dickenske moralen oppmodar til å gjere det beste ut av det du har, anten du har lite eller mykje. I eventyret etter Dickens er den lukkelege jula eit val. Hos han handlar ikkje jula om kven som har mest eller flest, men om at du kan dele det du har med nokon. Du må gjerne dele mat og gåver. Gjerne tente stearinlys. Men aller mest stunder. Tid. Glede. Omtanke. Nestekjærleik. Alt som gjer andre glade, og derfor også deg sjølv.

Den fint ironiske med Charles Dickens sitt juleeventyr, er at Dickens sjølv tente veldig lite på det. Han ville at dei 6.000 eksemplara som kom rett før jul, skulle ha innbinding i raudt og gull og at teksten skulle trykkast på eksklusivt papir. Det vart nærmast eit tapsprosjekt for forlaget med lite att til den kravstore forfattaren, men det har jo løna seg sida. Og når vi no ser nye julefilmar, er det vanskeleg å sjå vekk frå grunnlaget ein engelsk forfattar skapte i 1843. Det er nesten så Netflix burde sendt litt royalties inn i fortida, og vi andre kan jo sende ein takk.

Julekvelden er ei tid for minner, både dei du har med deg, dei du lager no og dei som skaper framtida for deg sjølv og andre. Anten du ser på skjermen, ned i ei bok eller ut på ei lysande stjerne, vil jula alltid ha i seg litt eventyr. Og vi bestemmer sjølv kor lukkeleg endinga skal vere.

Eg ønsker deg god tur inn i juleeventyre.